På denne sida finn du informasjon om registrering i Forskok (ny versjon). Det er ikkje sikkert du treng å lese gjennom alt for å få den hjelpa du treng.
Passord
Etter at du har fått melding om at du er registrert som brukar, kan du sjølv bestille passord ved å gå inn på BIBSYS-sida Registerere forskning og deretter velje Bestill passord til BIBSYS ForskDok. Følg instruksane her og hugs å bruke den lange e-postadressa di. Etter ca. 1 minutt vil du få tilsendt passord på e-post. Du er då klar til å logge deg inn.
Innlogging
På BIBSYS-sida Registerere forskning klikkar du på Logg på BIBSYS ForskDok. I innloggingsfeltet skal du framleis bruke den lange e-postadressa som brukarnamn. Passordet består av bokstavane "df" og 4 siffer. Desse skal skrivast utan mellomrom.
Personregister
Fyrste gong du er inne og registrerer, må du legge inn nokre opplysingar om deg sjølv i personregisteret. Når du har logga deg inn, har du ein del stikkord øvst på sida. Her kan du klikke på "Personregister". Søk først på namnet ditt for å vere sikker på at du ikkje ligg. Får du ikkje treff, klikkar du på den grøne knappen "Ny person". Fyll ut alle felta, men dei to siste (Gyldig fra/til ...) har dei fleste ikkje bruk for. Til slutt lagrar du.
Registreringsskjemaet
Etter innlogging vil du kome inn på "Min side". Du kan gå direkte til registreringsskjema ved å trykke på den grøne knappen "Registrer publikasjon". Sjølve registreringsskjemaet er sett saman av fire "delskjema": Publikasjon, person, kilde og oppsummering. Det kan vere greitt å fylle dei ut i den same rekkjefølgja, men det går an å hoppe fram og tilbake ved hjelp av dei grøne pilknappane som finst både øvst og nedst.
Nokre tips:
Kort om dei ulike delane:
Etter lagring får du melding om at posten er lagra med eit eige "id". Du vil nedanfor få ein del val, t.d. kan du gå inn og sjå på det du har registert, og du kan også endre på posten. Skal du registrere andre publikasjonar, vel du "Opprette ny registrering", ev. gå tilbake til "Min side" (øvst). Er du heilt ferdig, kan du trykke på "Avslutt" (grøn knapp oppe til høgre).
Endre registrering
Trykk på den grå fana "Publikasjoner" etter at du har logga deg inn. Vel deretter "Søk". Du kan fram ei registrering på 3 måtar:
- Skriv inn forfattarnamn
- Skriv inn tittel eller delar av tittel
- Skriv inn registrerings-id (for 2006 byrjar dei slik r0600....)
Du kan også gå inn og endre rett etter at du har lagra. Du vil då få opp fleire alternativ, m.a. "endre registrering".
Søking
Det finst to måtar å søke i BIBSYS Forskdok på, og det kan vere litt forvirrande. Ei kort forklaring:
Korleis registere vitskapleg publikasjon?
Tilsette registrerer - som før - alle publikasjonar i Forskdok, også vitskaplege. Ved registrering av vitskapleg publikasjon kan ein i sjølve skjemaet (under "kilde") trykke på den grøne knappen ("Søk etter tittel i ITAR"), skrive namn på tidsskrift/forlag i søkefelt og til slutt velge det aktuelle. FoU-konsulent tek seg av kvalitetetssikring i forhold til ITAR.
Kva er ITAR?
ITAR (= ImportTjeneste og AutoritetsRegister) inneheld oversikt over publikasjonskanalar og publikasjonar som er teljande med tanke på statistikkavlevering, dvs. dei som blir rekna som vitskaplege.
Publikasjonskanal = tidsskrift, forlag
Publikasjon = den spesifikke artikkelen/boka som er publisert
Kva skal ITAR brukast til og kven skal gjere det?
1. Import: Finne fram vitskapleg publikasjon som er komen inn i ITAR frå ISI, Norart, Bibsys. Dette skal ikkje den enkelte forfattar gjere, men superbrukar på institusjon.
2. Autoritetsregistere: Ved eigenregistrering av publikasjonar kan den enkelte forfattar søke i ITAR (ligg i registeringsskjemaet) for å hente fram opplysingar om tidsskrift eller forlag.
Statistikk
Utgangspunkt er sida FORSKDOK Lister og statistikk (der du må logge deg inn - same brukarnamn og passord som for registrering). Her er fleire alternativ - eit enkelt og eit meir omfattande: