
Grenselause moglegheiter
Innan internasjonaliseing er det i dag ingen grenser for kva vi kan få til berre vi vil nok. Ein av våre viktigaste samarbeidspartnarar når det gjeld internasjonalisering er SIU - Senter for internasjonalisering av høyere utdanning. Dei er programkoordinatorar for ei rekkje spanande prosjekt, både når det gjeld student- og lærermobilitet, forskning og utvikling. Berre ta ein titt på programoversikta. Vil du vite meir, stikk gjerne innom Internasjonalt kontor.
Oppdatering av dei engelske sidene ved HVO
Amina Loukili er engasjert i 40 % stilling med hovudarbeidsområde:
* oppdatering av dei engelske sidene våre. Her ønskjer vi også å fokusere på forskning og formidling.
* EU-program som Life Long Learning programme og andre større EU-program.
Vi ønskjer å vere ein ressurs for fagmiljøa når det gjeld søknadsprosessar till dei ulike programma.
Det er den draumen...........
Kvifor ikkje gjere noko med minst ein av draumane, å dra ut for ei vekes opphald hos ein av våre samarbeidsinstitusjonar http://www.hivolda.no/index.php?ID=12246
Erasmus
Vi har mange ledige Erasmus stipend a ca. kr. 6.000. Send søknad til Internasjonalt utval v. Cecilie Wilhelmsen; cw@hivolda.no Søknadar blir handsama fortløpande.
Samarbeidspartnarar
Vi treng fleire samarbeidspartnarar rundt om i verda, og vi treng å vedlikehalde dei vi har. Begge delar er viktig for å kunne tilby studentane våre ein portefølje av ein viss storleik, og som også er kvalitetssikra. Internasjonale nettverk mellom fagmiljøa er ei viktig side, forskningssamarbeid ei anna. Er du ute og reiser er det fint om du gir Internasjonalt kontor eit lite tips om interessante partnarar.
Viktige dokument
Handlingsplan for internasjonalisering 2006-2008
Retningslinjer for etablering av bilaterale avtaler.doc Word doc
Retningslinjer for rapportering fra deltakelse i internasjonale samarbeidsprogram Word doc
Retningslinjer for tilrettelegging for utreisende utvekslingsstudenter Word doc
Cecilie Wilhelmsen
Leiar internasjonalt kontor
Tlf: 70 07 51 20 - fax 70 05 48 49
Kontor:BK-huset, 3. etasje
E-post:cw@hivolda.no