
Unngå forsenkingar i studiet
For dei fleste studentar er det avgjerende at eit utanlandsopphald ikkje gir forsenkingar i studiet. Skaff deg difor ei førehandsgodkjenning av utenlandsoppholdet i god tid. Dei eksamenane du tek ved den utanlandske lærestaden må kunne inngå i graden du tar ved HVO, anten ved at dei i etterkant av utenlandsoppholdet vert godkjende som uspesifiserte studiepoeng eller dei vert innpassa, det vil seie gir innpass til vidare studie i faget ved HVO. Når du planlegg studieopphald i utlandet må du også sette deg inn i generelle krav ved oppbygginga av studiet du tek ved HVO. Skal du studere i eit anna europeisk land, bør du gjere deg kjent med ECTS-systemet.
Førehandsgodkjenning
Førehandsgodkjenning er ei fråsegn frå HVO om at utanlandsopphaldet ikkje vil forsenke deg i studia. Den skaffer du deg før du reiser til utlandet. Søknadsskjema får du på internasjonalt kontor.
Godkjenning
Godkjenning skjer hovedsakelig etter tid-for-tid-prinsippet; det som reknast som eit fulltidsstudium ved den utenlandske lærestaden skal godkjennast som eit fulltidsstudium ved HVO. Eitt semesters fulltidsstudium ved ein utenlandsk lærested vil dermed gi 30 studiepoeng. Tilsvarande vert det gitt 60 studiepoeng for to semesters fulltidsstudium. Det finst unntak frå denne regelen. Ved amerikanske universitet t.d. vert ikkje det første året (Freshman year) rekna som høgre utdanning i Noreg.
Innpassing
I etterkant av studieperioden i utlandet kan du søke instituttet/seksjonen om innpassing av studia. Søknaden om innpassing vil bli innvilga dersom eksamenane frå den utenlandske lærestaden kan definerast som eit spesifikt grunnfag eller mellomfag eller dei kan erstatte kurs innanfor et profesjonsstudium. I førehandsgodkjenninga går det fram om innpassing er mogeleg.
ECTS
Innenfor EU-systemet har ein arbeidd for å gjere det enklare å samanlikne utdanningar frå ulike land. EU har utvikla eit felles europeisk vekttalssystem kalt European Credit Transfer System (ECTS). Det er ein arbeidsreiskap for å samanlikne utdanningar. Malen for systemet er at 60 ECTS utgjer eitt års fulltidsstudium. Tar du difor kurs tilsvarande 60 ECTS under utenlandsopphaldet ditt, skal det etter hovudregelen godkjennast som 60 studiepoeng i Noreg.
Generelle krav
Det vert ikkje gitt studiepoeng for eit studium som har klare faglege parallellar (fagleg overlapping) med andre kurs du har tatt.
