MASTERGRAD I NYNORSK SKRIFTKULTUR

Innhald og organisering

Innføringsemne og valemne
Her vil vi gi ei kort innføring i dei ulike delane av studiefaget. For ei meir utførleg framstilling av innhaldet i innføringsemnet og dei ulike valemna, viser vi til fagplanen. Den kan skaffast frå Ivar Aasen-instituttet.

Innføringsemna (fellesdel)
Fellesdelen skal gi ei innføring i nynorsk skriftkultur gjennom vitskapsteori, faghistorie og metode.

Innføringsemne A: Nynorsk skriftkultur

Målet med kurset er:
· å gi eit oversyn over skriftkulturens teori og historie
· å gjere greie for nokre av dei viktigaste særdraga ved den nynorske skriftkulturen, sett i forhold til andre skriftkulturar

Innføringsemne B: Vitskapsteori- og metode

Målet med kurset er:
· å gi ei innføring i ei rekkje sentrale vitskapsteoretiske omgrep, tradisjonar og posisjonar
· å ta opp til drøfting ulike metodar frå både humanistiske og samfunnsvitskaplege forskingstradisjonar.

Allment for fellesemna
Føremålet med fellesemnet er å studere kulturell modernisering og institusjonalisering
gjennom eit kulturperspektiv, eit historisk perspektiv, eit komparativt perspektiv, eit politisk og eit normativt perspektiv, i høve til den nynorske skriftkulturen.

Valemna

Kvar student skal velje to valemne, kvart på 15 studiepoeng.
For å gi studentane høve til å velje emne etter bakgrunn og interesse, tilbyr vi sju valemne. Desse har tverrfagleg karakter. Det vil bli undervist i emnet Nynorsk skriftmål - norm og bruk annakvart år. Dei andre valemna vil veksle frå år til år, slik at vi underviser i to av dei om gongen. Kva valemne det skal undervisast i, skal avtalast mellom Ivar Aasen-instituttet og studentane.


Valemne 1: Målreisingar og språkplanlegging i komparativt perspektiv

Målet med kurset er å studere det nynorske språket:

· i lys av nasjonsbyggingsprossessane i Europa frå renessansen til i dag
· som språkreform basert på Ivar Aasens vitskaplege arbeid
· som politisk styrt språkplanlegging
· i lys av normeringstradisjonar og målreisingsrørsler i internasjonalt og komparativt perspektiv

Valemne 2: Den nynorske teksten - om sjanger, institusjon og norm

Målet med kurset er å arbeide med nynorske fiksjonstekstar og nynorsk sakprosa slik at deltakarane får forståing:

· for dei institusjonelle vilkåra for skriving, distribusjon og lesing av tekstane
· for dei motsetningsfylte historiske kontekstane dei går inn i
· for dei kultur- og språkpolitiske vala dei gir uttrykk for
· for det fleirtydige ved dei, estetisk, sjangermessig og ideologisk

Valemne 3: Kollektive identitetar - om overnasjonale, nasjonale, regionale og lokale identitetsdanningar

Målet med kurset er:

· å gi ei innføring i sentrale aspekt ved identitetsomgrepet
· å forstå fleiridentiteten ("multiidentitet")
· å gi ei innføring i relasjonen mellom språk og identitet
· å drøfte nynorsk som identitetssymbol

Valemne 4: Nynorsk fagdidaktikk

Vi arbeider med planar om eit emne i nynorsk fagdidaktikk med nynorsk både som hovudmål og sidemål.

Valemne 5: Nynorsk skriftmål - om norm og bruk

Målet med dette emnet er:

· å gi ei innføring i premissane for den nynorske norma
· å gi øving i og refleksjon kring eigen språkbruk
· å drøfte måtar å formidle nynorskkunnskapar på i skulen.

Valemne 6: Nynorsk filosofisk skriftkultur

Målet med dette valemnet er:

. å studere eit utval filosofisk essayistikk på nynorsk
. å drøfte det filosofiske essayet som form og sjanger
. å peike på særdrag ved nynorsk filosofisk tradisjon.

Valemne 7: Kultur, identitet - nasjon, region (historiemodul)

Målet med dette emnet er:

. å gi innsikt i nasjons- og nasjonalstatsproblematikken
. å gi innsikt i regionale og lokale identitetar
. å gi innsikt i forholdet mellom majoritets- og minoritetskulturar (spesielt i Nord-Skandinavia)
. å gi innsikt i kulturkontaktar