Statuttar for HMS-prisen ved Høgskulen i Volda
Fastsett av arbeidsmiljøutvalet 21. september 2004
1. Prisen kan delast ut til ei avdeling, utdanning, institutt/seksjon, miljø, gruppe eller enkeltperson som:
- arbeider aktivt med å fremje ein HMS-profil ved HVO
- gjennom sitt arbeid har utvist særleg ansvar og bevisstheit om HMS, både gjennom fysiske HMS-tiltak og/eller HMS-tiltak innanfor psykososialt arbeidsmiljø.
2. Prisen skiljer ikkje mellom fysiske eller psykososiale HMS-tiltak.
Prisen blir delt ut etter ei individuell vurdering av kva dei foreslåtte kandidatane har utført av HMS-arbeid ved HVO, og der tiltak innanfor fysiske og psykososiale område i utgangspunktet stiller likt.
3. Prisens storleik og bruksområde
HMS-prisen er på kr 4 000,-. I tillegg består prisen av eit diplom som skal hengast opp på vinnarane/vinnaren sin arbeidsplass.
Prisen kan ikkje vere til personleg vinning for vinnarane/vinnaren.
Tiltaket eller formålet må vere relatert til noko som bidrar til HMS ved høgskulen. Mottakarane/mottakaren av prisen bestemmer kva for HMS-tiltak eller formål ved Høgskulen i Volda prisen skal brukast til.
4. Utdeling
Prisen blir vanlegvis delt ut kvart år i samband med HMS-dagen.
5. Kven som kan foreslå kandidatar og korleis dette skjer.
Alle tilsette kan fremje forslag til kandidatar til HMS-prisen. Forslaga skal rettast til høgskuledirektøren og blir sendt til arbeidsmiljøutvalet v/leiaren.
Forslaga skal vere skriftlege, med beskriving av kva kandidatane/kandidaten har bidrege med innanfor HMS og kvifor kandidatane/kandidaten bør få prisen.
Frist: Blir fastsett for kvart år, og er ca. 1 månad før HMS-dagen.
6. Jury
Juryen består av høgskuledirektøren, personalsjefen, hovudverneombodet og AMU-leiaren ved Høgskulen i Volda. Juryen skal vurdere dei foreslåtte kandidatane utifrå kriteria ovanfor.
7. Avgjerd om ikkje å dele ut HMS-prisen
Dersom det ikkje er kome inn forslag på kandidatar som har gjort seg fortent til prisen, kan juryen bestemme at
HMS-prisen ikkje blir delt ut det året.
Statuttar HMS-prisen ved Høgskulen i Volda (pdf.dokument)