Studietilbod ved Avdeling for kulturfag

Avdeling byr på mange spennande utfordringar anten du vel bachelor-, fordjupings-, halvårs- eller årsstudium.

Som fagutdanna i kulturfag skal du kunne beherske eit stort mangfald av teknikkar, uttrykk og utstyr, samtidig må du som profesjonsutøvar ha fordjuping i det unike og spesifikke.  

I desse utdanningane er difor ferdigheitsopplæring og ferdigheitsutvikling på høgt nivå, og opplæring og instruksjon heilt avgjerande.

Mange av utdanningane skal også hjelpe studentane til sjølve å verte gode didaktikarar; dei skal ikkje berre ha ferdigheitene, men også kompetanse til å lære ferdigheitene vidare. 

Samtidig skal utdanningane gi meir enn berre ferdigheitstrening. Kunst- og kulturuttrykk kan gjennom sitt symbolspråk seie mykje om den kulturen ein er i, noko også studentane må vere seg bevisste.

Både det unike og det mangfaldige har fokus i utdanningane våre!