| Eiksundkonferansen 2005 |
 |
|
I samband med bygginga av Eiksundsambandet, er Eiksundkonferansen etablert. Første konferanse vert halde 26. og 27. mai 2005. Det er planlagt ein årleg konferanse til anlegget står ferdig i 2007. |
|
Konferansen vil innehalde ein teknisk sesjon knytt mot tunell, og ein sesjon om regionall utvikling. Konferansen vender seg mot entreprenørar, byggherrar, konsulentar, offentleg sektor og det politiske miljø.
Konferansen går over to dagar med middag og kulturelle innslag, samt ei synfaring med båt fredag etter lunsj. Turen går frå Ørsta mot Eiksund og vidare under Herøybrua, Rundebrua, rundt Runde og tilbake via Hareid og Volda.
Det blir lagt opp til ei utstilling der utstyrleverandørar og andre kan nytte høve til å profilere seg og sine produkt.
Sjølve konferansen vert halde på Høgskulen i Volda
Ved spørsmål - ta kontakt med Oddbjørn Nes ved Høgskulen i Volda på telefon 70 07 50 55 eller e-post OddbjornN@hivolda.no |
 |
|