Den kulturelle skulesekken er etablert som eit obligatorisk og varig tiltak for grunnskulen i Noreg. Den overordna målsettinga for Den kulturelle skulesekken er er at grunnskuleelevane i Noreg skal få eit breitt og profjesjonelt kulturtilbod innan alle sjangrar.
Både for å prøve ut og dokumentere behovet for ei permanent satsing, og for å gi kulturinteresserte eit fagleg løft inviterer difor fylkeskulturavdelinga i Møre og Romsdal og Høgskulen i Volda til:
>> Les om Prøvekluten 2006
|
|
|
Kunstnarverkstader Kunstnarverkstadane huser til saman ca 30 kunstnarar innan teater, dans, litteratur, musikk og kunst. 15 produksjonar er i gang, eller blir starta opp under Prøvekluten. Dei fleste er til stades den første veka, ikkje så mange den andre. Meir info: |
|
Kulturverkstader Praktiske verkstader for fagarbeidarar/kunstnarar og pedagogisk og administrativt personale innanfor fagfelta drama/teater, musikk, kunst og handtverk, utefag, film m.m. NB! Dei to kursperiodane har ulike kurs. Eigen verkstad for born og unge! 22. - 24. juni (3 dg.) Påmelding innan 20. mai Meir info: |
|
Idéverkstader Idèverkstaden samlar ei god gruppe frå museum, bibliotek og kyrkje. Alle møtast i Volda, tysdag 21.6. kl. 11.00 til lunsj i kantina på Berte Kanutte-huset. Etter lunsj, kl. 12.00 blir det ei felles samling der Hogne Moe er klar for å inspirere til godt formidlingsarbeid. Idèverksted blir avslutta onsdag 22.6 etter lunsj. (ca kl. 13.00) Meir info: |