|
|
|
Kunstnarverkstader På Kunstnarverkstadane under Prøvekluten vert forholda lagt til rette for utøvarar innan ulike kunstuttrykk som ynskjer å lage produksjonar til Den kulturelle skolesekken. Arbeidet er lokalisert til Høgskolen i Volda som og stiller med ressursar i form av lokalitetar, kompetanse frå dei ansette ved høgskolen m.m. Arrangementet er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Høgskolen i Volda. Alle typer kunstuttrykk kan vere representert her og målgruppa for produksjonane er elevar frå 1. – 10. klasse. Kunstnarverkstadene kan innehalde arbeid med kulturproduksjon i ulike fasar som til dømes utarbeiding av ein idé, sluttføring av ein produksjon eller arbeid med infomateriell knytta til ein produksjon. Deltakarane som vert plukka ut til Kunstnarverkstadene får gratis reise, opphald og mat etter enkle standardar, fagleg bistand etter behov, gratis produksjonlokale samt eit honorar på 5000,- pr veke. I tillegg vil prosjekt kunne synast på Møre og Romsdal fylke sitt årlege Kulturtorg etter ei fagleg vurdering. Søknad om deltaking på Kulturverkstadene må innehalde
Søknadsfrist 1. mai 2005
eller på e-post til kultursekken@mrfylke.no |