|
|
|
Kulturverkstader |
| 20. - 22. juni (3 dagar) |
StønntRytme, puls, komposisjon, dans, stemme og litt teater. Høgt tempo og groove-rytme med utgangspunkt i utradisjonelle instrument; bøtter, spann, glas, papir, fyrstikkeske, kasser, tønner… Verkstaden blir tilpassa deltakarane sine ønskje etter behov, dvs at den kan koplast til lokale prosjekt. Ansvarlege: |
|
22. - 24. juni (3 dagar) |
Tekstil som skulpturelt materialeKurset vil innehalde innføring i ulike teknikkar for å stive opp tekstilar til skulpturelt bruk. 1. dag: Utprøving i materiale. Ansvarleg: |
Å sette i sceneKorleis få dei unge håpefulle til å opptre og trivast på ei scene? Korleis unngå kaos og trøtte ungar? Vi arbeider praktisk med alle stadium frå ein ide/tekst til ferdig framføring. Kva passer for småskulen og korleis legge til rette teaterarbeid for ungdom? Regi, arrangement, lys, lyd og scenografi er stikkord for arbeidet. Vi prøver ut ulike løysingar og idear som kan gjere det meir morosamt å arbeide med teater. Produktet blir betre, og dei unge skodespelarane blir meir fornøgde. Dette kurset egnar seg for vaksne som vil lære meir om å iscenesette små og store framføringar med barn og ungdom. Målet er at instruktøren skal bli ein stolt og glad instruktør og ikkje berre sliten og halvfornøgd ... Deltakarane vert oppfordra til å ta med tekster, eigne idear og erfaringar. Ansvarleg: |