Helsestasjon
Sidan 2005 har vi hatt Helsestasjon for studentar ved Høgskulen i Volda.
Tenesta er eit samarbeid mellom Sosial- og helsedirektoratet, Volda kommune ved Helsestasjonen, Studentsamskipnaden for Sunnmøre og høgskulen. Mål: Auka kunnskap om seksuelt overførbare sjukdomar og bruk av prevensjon i målgruppa. Du kan også få informasjon og rettleiing i forhold til kropp, seksualitet og prevensjon.
Frå studiestart i august vil helsesøster/jordmor vere tilstades kvar måndag i Lettbygget ved Høgskulen. Annankvar fredag vil lege vere tilstades frå kl 12.00 – 15.00.
(Finn Lettbygget på kartet)
Du får tilbod om:
![]() |
Kontaktinformasjon Ta kontakt med helsesøster Mari Heltne på helsestasjon@hivolda.no eller |
Fastlege i Volda - ny ordning frå 1. januar 2007
Volda er vertskommunen din medan du er student i Volda, og legesenteret kan tilby fastlege også til studentane.
I Volda er allmennlegetenesta samla i eit legesenter med åtte faste legar (to kvinner).
Alle har rett på akutt legehjelp i Volda kommune, men alt som ikkje er akutt, t.d. blodprøvetaking og reseptskriving skal gjerast der. Om du ikkje har fastlege i Volda, vil du ikkje ha rett på anna enn akutt legehjelp her. Ver merksam på at det er ventetid på time for ikkje akutt sjukdom (for tida 1-6 veker).
Vi har røynsle for at også friske vanlege ungdommar søker lege både for akutte sjukdommar og av rutineprega grunnar. Døme på det siste er for prevensjon, reseptar for p-piller, oppfølging av kontrollar etter akutt sjukdom (urinvegs- og luftvegsinfeksjonar) osb.
Men eg har lege på heimstaden!
Du treng ikkje melde flytting for å få fastlege i Volda. Dersom du seinare ynskjer å velje tilbake til den legen du hadde før du flytta hit, har du rett til slikt bytte innan 3 år.
Korleis bytte?
Du kan skifte fastlege på internett www.nav.no eller ringe fastlegetelefonen 810 59 500.
Ta eventuelt kontakt med tidlegare lege for å be om overføring av journal til Volda. Adressa til legesenteret:
Volda legesenter, Postboks 253, 6101 Volda.