FoU-pris ved Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda
På styremøte 28.10.05 vart det vedtatt å opprette ein FoU-pris for Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda. HVO har frå før oppretta ein pris for godt læringsmiljø. Målet med FoU-prisen er å rette merksemda mot FoU-arbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats. Ved sidan av å gi honnør til prisvinnarane er intensjonen med prisen at vinnarane skal fungere som førebilete og modellar for resten av fagmiljøet, slik at kvaliteten på og omfanget av FoU-arbeidet aukar.
Retningslinjer for tildeling
-
Pris for godt FoU-arbeid vert tildelt personar eller miljø som har gjort ein markert innsats på FoU-område som er strategisk viktige for HVO og MFV. Ved tildeling skal det leggjast vekt på desse kriteria:
Enkeltperson:
- FoU-arbeid med svært høg kvalitet
- FoU-arbeid med relevans for avdelinga/eininga sine strategiske mål
- Publisering i vitskaplege publiseringskanalar
- Sentrale vitskaplege verv i inn- og utland
- Innsats som miljøbyggjar
- FoU med ekstern finansiering
- Nasjonalt og internasjonalt samarbeid
- Allmenn- og målretta formidling og samfunnskontakt
Fagmiljø:
- FoU-arbeid med svært høg kvalitet
- FoU-arbeid med relevans for avdelinga/eininga sine strategiske mål
- Publisering i vitskaplege publiseringskanalar
- Utviklinga i interne og eksterne ressursar til fagmiljøet (budsjett)
- Utvikling i talet på ferdige doktorgrader i fagmiljøet
- Utvikling i talet på opprykk blant personalet i fagmiljøet
- Nasjonalt og internasjonalt samarbeid
- Allmenn- og målretta formidling og samfunnskontakt
- Prisen er på kr 30.000 til enkeltperson og kr 50.000 til fagmiljø og blir delt ut av styret for Høgskulen i Volda. Rektor står for overrekkinga. Med prisen følgjer ein diplom med namnet på prisen, året for tildelinga og namn på enkeltperson/fagmiljø som får prisen.
- Prisen skal nyttast til tiltak som fremjar vidare arbeid og utvikling på FoU-området, til dømes studiereiser, konferansar, miljø- og nettverksbygging eller utstyr til FoU-arbeid.
- Alle tilsette, studentar, formelle organ ved Høgskulen, brukarar og andre eksterne interessentar kan fremje kandidatar til prisen.
- Alle framlegg skal vere grunngjevne og syne kva for eigenskapar ved personen eller FoU-miljøet som bør heidrast. Framlegga bør ta utgangspunkt i retningslinjer og vurderingskriterium, og skal sendast til styret for Høgskulen i Volda ved høgskuledirektøren innan utgangen av april.
- Eit utval gir den grunngjevne innstillinga si til styret innan 31. mai. Utvalet er sett saman av medlemmene i Forskingsutvalet. Rektor er leiar av innstillingsutvalet.
- Dersom det ikkje er kome inn forslag med god nok kvalitet, blir ikkje prisen delt ut dette året.