Bading for tilsette
Timeplanen ligg i menyen til venstre. Der går det fram kva tid som er reservert for tilsette. Det er to timar per veke på kvelden i perioda måndag til fredag.
Der ikkje noko badevakt-ordning, så badinga skjer "på eige ansvar".
Døra til Idrettsbygget er alltid stengt, så hugs å ta med tilsett-kortet.
Det er tradisjon for at tilsette kan ta med familiemedlemmar (tanter, onklar o.l. er ikkje familie i denne samanhengen)
Det er sjølvsagt ikkje høve for tilsette å låne vekk tilsettkortet. ( ikkje i andre samanhengar heller)
Det er ikkje høve til å sende born åleine på badinga. Born kan vere med føresette som då har ansvar for dei..Dette gjeld helgar og andre høgtider. Det er eige oppslag for tilsett-badinga, sjå i menyen til venstre.
Helgar og høgtider
Når gymsalane eller symjehallen er ledig i høgtider eller laurdag og søndag kan tilsette bruke gymsalar eller symjehall på bestemte vilkår:
Morgenbading
Reinhald av Idrettbygget startar kl 06. Enkelte dagar vert dusjar og trapp til bassenget reingjort ved hjelp av skum. Det er helseskadeleg å få skummet på seg.
Tilsette som ynskjer å bade om morgonen må derfor unngå lokala i dei periodene areala er skumlagt.
Det er måndag, tysdag og torsdag til klokka 0745.
Idrettsbygget er alltid stengt, så hugs å ta med tilsett-kortet.
Sjekk menyvalg: Utleigde tider.
Når lokala er utleigde har tilsette ikkje adgang !