Kunstnarverkstader

Kunstnarverkstader
Produksjonar som skal brukast i Den kulturelle skulesekken skal ha høg kunstnarleg og formidlingsmessig kvalitet. Målsetjinga med Prøvekluten er å få fram produksjonar som fyller kvalitetskrava som er sett i Den kulturelle skulesekken.

Både for å tilby kunstnarar eit tilrettelagt produksjonsmiljø og for å gi kulturinteresserte eit fagleg løft inviterer Møre og Romsdal fylke og Høgskulen i Volda til Prøvekluten 2006. Dette er tredje året at Prøvekluten blir arrangert. Nytt for i år er det at Prøvekluten blir utvida både i mangfald og tidsrom. Prøvekluten er starten på eit permanent senter for kulturproduksjon og kulturformidling i Volda.

Ønskjer du å utvikle eller vidareutvikle ein produksjon til Den kulturelle skulesekken? Då er du hermed invitert til å bli med på Prøvekluten 2006.

Last ned meir informasjon og søknadsskjema her:

 

Kontakt gjerne Signe Valsø eller Marit Ulvund om du vil vite meir om Prøvekluten 2006

Les meir om Prøvekluten 2005




Desse har fått tilsagn om plass:

"KLAPP" (teater)- Boa scenekunst v/ Elisabeth Helland Larsen, Ålesund
"FORFATTERENS MUSE"(litteratur)- v/ Ingelin Røssland, Tr. heim
"SARA VIL BLI STJERNE"(teater)- v/ Eldrid Johansen, Oslo
"TRILLEFOLKET" (teater)- Teater Joker v/ Kari Ramnefjell,Oslo
"SVANENE OVER IRLAND" (teater)- Kulturproduksjoner v/ Karen Høie,Oslo
"SVARTE VINGER"(litteratur)-Lise Knudsen, Kongsberg
"FLASKEDUKKE"/ "KLÆR SKAPER FOLK" (design/tekstilverkstad)-v/ Astrid Runde Saxegaard, Kolbotn
"ØYET" (visuell kunst)- Liv Dysthe Sønderland, Sjøholt
"ORD-BILDE/BILDE-ORD"(visuell kunst)- Marianne Skjong, Valderøy
"MERKESTEINANE" (film)- Pål Aam/ Dag Roland, Ørsta/ Volda
"KREATIV KAKAFONI" (dans)- Birte Hege Owusu-Addo, Ålesund
"PORTRETTER" (audiovisuell utstilling)- Ottar Andrè Anderson, Ålesund