Mappeeksamen for lokalstudentar

Historisk institutt har innført mappe- eller prosessevaluering som grunnlag for karakterfastsetjinga i alle emne frå studieåret 2002-03. Hensikten med innføring av mappeeksamen er å forbetre læringsprosessen for studentane. Alle kategoriar studentar (heiltids-, deltids- og fjernstudentar) følgjer opplegget. Instituttet er godt nøgd med resultatet; karakterane etter innføring av opplegget vart betydeleg betre enn nokon gong før.

 

I botnen for opplegget ligg organiseringa av teoriemna i 10-11 faglege tyngdepunkt. Kvart emne har ein fast tyngdepunktplan som fordeler heile pensum på desse. Til kvart tyngdepunkt høyrer det to nettleksjonar à 6-10 sider, skrivne av faglærarar.

Til alle tyngdepunkta blir det kvart semester laga ei såkalla prosessoppgåve (som kan samanliknast med tradisjonelle eksamensoppgåver). Desse oppgåvene blir kunngjorde etter kvart som undervisninga skrir framover.

 

Arbeidskrav knytt til basisemna HI101, HI102 og HI103 frå og med haustsemesteret 2006:

 

Instituttet har med verknad frå haustsemesteret 2006 innført eit arbeidskrav tidleg i evalueringsprosessen, det vil seia etter at leksjonar til dei tre første  tyngdepunkta på kvart av dei tre emna er lagde ut i Classfronter. Oppfylling av dette kravet er eit vilkår for vidare deltaking på emnestudiet for lokalstudentar: Kvar student skal gje kommentar (respons) til ei anonymisert prosessoppgåve (’NN-oppgåve’). Om responsar/kommentarar til oppgåveutkast – sjå her. Kommentarane skal vera på 1000-2000 teikn med mellomrom i Word, som svarar til om lag ½ side med 1 ½ linefråstand, 12 pkt. font, Times New Roman. Faglærar vurderer kommentarane til godkjent/ikkje-godkjent i ei kort grunngjeving. Dei studentane som ikkje får godkjent sine responsar i første omgang, får ein ny sjanse.

 

Basisgrupper og oppgåvetildeling

 

Seinast når dei første fem oppgåvene er kunngjorde og den første halvdelen av undervisninga er gjennomførd, blir studentane organiserte i grupper med ein faglærar som rettleiar. Gruppene blir i utgangspunktet sett opp med fem studentar i kvar. Men vi ser dessverre ein del fråfall, slik at gruppene kan bli mindre framover i semesteret.

På eit tidspunkt som er fastsett i semesterplanen for kvart emne blir dei fem første prosessoppgåvene fordelte i gruppene, med ei oppgåve pr student. Det blir ikkje høve til å velje oppgåve.

 

På basisemna HI101, HI102 og HI103 skal kvar student vidare

 

a)      skrive ei prosessoppgåve, dvs. eit oppgåveutkast, på 11.000 teikn med mellomrom i Word, 1 ½ linefråstand, 12 pkt. font, Times New Roman, som tilsvarer ca fem-seks sider, til den oppgåva ho/han får tildelt av instituttet innan den oppsette fristen, og

b)      kommentere tilsvarande utkast frå fire andre medstudentar, også det innan oppsett

frist. Ein kommentar tilsvarar 2000-3000 teikn med mellomrom i Word. (Sjå om Responsarbeid her) Når studentane er ferdige med å kommentere kvarandre, vil den faglæraren som er rettleiar for gruppa, kome inn på kvart utkast og gje sluttmerknader til utkastet og kommentararbeidet. Deretter får kvar student om lag fem veker til å bearbeide prosessoppgåva til sluttinnlevering (’sluttoppgåve’) – i god tid før den siste kunnskapsprøva:

 

c)      ein 4-timars eksamen ved utgangen av semesteret. Eksamenen blir ei kunnskapsprøve

på 5-10 spørsmål, og det er eit hovudmål å teste breiddekunnskapane til kandidatane.

 

Det samla karaktergrunnlaget på kvart emne er sluttoppgåva og kommentarane/responsane med 50% og den avsluttande kunnskapsprøva med 50%.

 

Munnleg prøve er ikkje aktuell for lokalstudentar på basisemna HI101, HI102 og HI103.

 

Studentar på fordjupingsemna HI201, HI202 og HI206 gjennomfører derimot ei evalueringsordning som inneber prosessoppgåveskriving og kommentar-/responsarbeid i to påfølgjande rundar. Arbeidskrava til kvar av rundane korresponderer til dei som hefter ved den eine prosesskrivingsrunden på 100-nivået (sjå ovafor).

Når dei to rundane med oppgåveskriving og kommentering er ferdig, har kvar student ei ’arbeidsmappe’ med to prosessoppgåver og kommentarar til i alt åtte tilsvarande frå medstudentar.

Så skal kvar student sjølv velje ei av dei to prosessoppgåvene til vidare bearbeiding, før endeleg sluttinnlevering (’sluttoppgåve’).

 

Munnleg prøve, 200-nivået

 

Inntil 20% av alle lokalstudentane på HI201, HI202 og HI206 blir kalla inn til munnleg prøve på høgskulen.

 

Kark og Classfronter

 

For studieåret 2006-07 har instituttet vedteke å halde fram med det spesialutvikla skrive- og kommentarverktøyet Kark (Historisk institutt, Universitetet i Bergen) for dei som tek emne på 100-nivå. Dei som tek 200-emne skal berre bruke Classfronter (dvs. skrive oppgåvene i Word e.tilsv. og laste desse opp i eigne innleveringsmapper i Classfronter).

Side med informasjon om korleis ein nyttar Classfronter og Kark i historiestudia ved HVO. Denne vil bli oppdatert ved semesterstart, m.a. med informasjon om innleveringane i Classfronter.