Mappeeksamen for nettstudentar

Historisk institutt har innført mappe- eller prosessevaluering som grunnlag for karakterfastsetjinga i alle emne. Hensikten med innføring av mappeeksamen er å forbetre læringsprosessen for studentane. Alle kategoriar studentar (heiltids-, deltids-, lokal- og fjernstudentar) følgjer opplegget. Instituttet er godt nøgd med resultatet; karakterane etter innføring av opplegget vart betydeleg betre enn nokon gong før.

I botnen for opplegget ligg organiseringa av teoriemna i 10-11 faglege tyngdepunkt. Kvart emne har ein fast tyngdepunktplan som fordeler heile pensum på desse. Til kvart tyngdepunkt høyrer det to nettleksjonar à 6-10 sider, skrivne av faglærarar. Til ti av tyngdepunkta blir det kvart semester laga ei såkalla prosessoppgåve (som kan samanliknast med tradisjonelle eksamenoppgåver). Desse oppgåvene blir kunngjorde etter eigen plan.

Arbeidskrav knytt til basisemna HI101N, HI102N og HI103N (nettvariantane) frå og med vårsemesteret 2006

Instituttet har med verknad frå vårsemesteret 2006 innført eit arbeidskrav tidleg i evalueringsprosessen, det vil seie etter at leksjonar til dei tre første tyngdepunkta på kvart av dei tre emna er lagde ut i Classfronter. Oppfylling av dette kravet er eit vilkår for vidare deltaking på emnestudiet for nettstudentar: Gje eit kortfatta svar på eit tildelt fagleg spørsmål knytt til dei tre første tyngdepunkta. Svaret skal vere på 500-1000 teikn (med mellomrom) i Word, som svarar til om lag ½ side med 1 ½ linefråstand, 12 pkt. font, Times New Roman.

Basisgrupper og oppgåvetildeling

Seinast når dei første 5 oppgåvene er kunngjort, blir studentane organiserte i grupper med ein faglærar som rettleiar. Gruppene blir sette opp med fem studentar i kvar.

På eit tidspunkt fastsett i semesterplanen for kvart emne blir dei fem første prosessoppgåvene fordelte i gruppene, med ei oppgåve pr student. Det blir ikkje høve til å velje oppgåve. På eit seinare tidspunkt i semesteret blir dei fem neste oppgåvene fordelte på same måte.

Alle nettstudentar skal i kvar oppgåverunde

a)      skrive ei prosessoppgåve, dvs. eit oppgåveutkast, på 11.000 teikn med mellomrom i Word, 1 ½ linefråstand, 12 pkt. font, Times New Roman, (som tilsvarer ca fem-seks sider), til den oppgåva ho/han får tildelt av instituttet innan den fristen som er sett opp i semesterplanen,

b)      kommentere tilsvarande utkast frå fire andre medstudentar, også det innan oppgjeven frist. Ein kommentar tilsvarar 2000-3000 teikn med mellomrom i Word. (Sjå om Responsarbeid her)

Når studentane er ferdige med å kommentere kvarandre, vil den faglæraren som er rettleiar for gruppa, gje sluttmerknader til kvar prosessoppgåve og kommentararbeidet.

Når så dei to rundene med oppgåveskriving er ferdig, har kvar student ei ’arbeidsmappe’ med to prosessoppgåver og kommentarar til i alt åtte utkast frå medstudentar.

 

 

Sluttoppgåve

Deretter skal kvar student sjølv velje ei av dei to prosessoppgåvene ho/han har skrive, arbeide vidare med den og gjere den ferdig til innlevering i den endelege vurderingsmappa (’sluttoppgåve’). På kvart emne tel sluttoppgåva ca 2/3 og dei åtte kommentarane studenten har gjeve til medstudentane ca 1/3 av den endelege, samla karakteren. NB! Kommentarane skal ikkje leverast inn på nytt i samband med sluttoppgåva.

 

Munnleg eksamen

 

Det siste elementet i mappeeksamen er eventuell munnleg eksamen: Inntil 50% av nettstudentane kan bli kalla inn til ein munnleg eksaminasjon med eit varsel på tre arbeidsdagar føreåt. For studentar i sunnmørsregionen, inkl. kommunane på nordsida av Nordfjorden og sørsida av Romsdalsfjorden, blir munnleg eksamen halden ved høgskulen. For dei som bur utanom denne regionen, er det høve til å gjennomføre munnleg eksamen ved telefon til eit offentleg kontor, evt. ved videosamband, som studenten må leggje til rette for sjølv.

Studentar som oppheld seg i utlandet, må søkje skriftleg om løyve til å gjennomføre telefonisk munnleg eksaminasjon frå det landet ein er i. Søknadsfristar er 1. sept. for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret. Berre søkjarar med tungtvegande grunnar får løyve.

 

Kark og Classfronter

 

For studieåret 2006-07 har instituttet vedteke å halde fram med det spesialutvikla skrive- og kommentarverktøyet Kark (Historisk institutt, Universitetet i Bergen) for dei som tek emne på 100-nivå. Dei som tek 200-emne skal berre bruke Classfronter (dvs. skrive oppgåvene i Word e.tilsv. og laste desse opp i eigne innleveringsmapper i Classfronter).

Side med informasjon om korleis ein nyttar Classfronter og Kark i historiestudia ved HVO. Denne vil bli oppdatert ved semesterstart, m.a. med informasjon om innleveringane i Classfronter.