| Studentar snart heime frå India | ||
|
I nesten sju veker har studentar ved Bachelorgradsstudiet i Journalist ved Høgskulen i Volda vore i India gjennom kurset ”Reportasjearbeid i framand kultur,” skriv Eirik Stokstad Brødholt i eit lite reisebrev. SISTE FRÅ INDIA: Rapport frå professor Ekeland, nettopp tilbake etter besøk hjå sosialarbeidarstudentane. [ Les meir ] - 15.11.2007 |
|
|
| Volda studentidrettslag startar Ju Jitsu-trening | ||
|
Har du lyst å læra sjølvforsvar på ein spennande måte? No har Volda Studentidrettslag (VSI) starta treningar med den japanske kampsporten Ju Jitsu. - Det vil i hovudsak verta lært teknikkar frå Ju Jitsu, men det kan òg vera innslag av andre kampartar på treningane, skriv instruktør Harald Kvangarsnes på VSI si heimeside. [ Les meir ] - 14.11.2007 |
|
|
| Gunnar-prisar til Linda Fagerli Sæthren | ||
|
Linda Fagerli Sæthren, tidlegare student og no tilsett ved Høgskulen i Volda, vann publikumsprisen og prisen for beste nordisk-baltiske studentfilm for dukkefilmen ”Janus” under Fredrikstad Animation Festival i helga. [ Les meir ] - 13.11.2007 |
|
|
| Studentar frå Media, IKT og Design med live-sending av teknologiturnering. | ||
|
Laurdag 10 november startar årets sending av teknologiturneringen FIRST LEGO League. Studentar ved Høgskulen i Volda overførar ei direktesending fra turneringen i Ålesund. Turneringen har rekordpåmelding og det er venta vel 1100 menneskjer på arrangementet. [ Les meir ] - 09.11.2007 |
|
|
| 60-årsjubilant avslutta FESTiVOLDA | ||
|
Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda avslutta FESTiVOLDA-festivalen med Mozart sin symfoni nr. 31, "Pariser-symfonien” søndag, som ei markering av sitt 60 års-jubileum. - 60 år er eit fantastisk jubileum for eit orkester som har hatt lang og tru teneste, jublar Rune Bergmann. [ Les meir ] - 04.11.2007 |
|
|
| Fagleg oppdatering i Naturfag: Naturfag med mål og meining | ||
|
-I slutten av November er vi i gang, seier Erik Fooladi, fagleg ansvarleg for Naturfag med mål og meining. -Då samlast om lag 130 lærarar frå Sjustjerna (eit interkommunalt samarbeid mellom sju kommuner på søre Sunnmøre) seg i Loen til første samling. -Vi er glade for god respons frå Søre Sunnmøre, og ser no at også kommunane i Nordre Sunnmøre Kompetanseregion kjem for fullt. Vi gler oss til å møte lærarane og presentere spanande vekstader og fagleg påfyll. [ Les meir ] - 01.11.2007 |
|
|
| Valla tek del på ytringsfridomsseminar i Volda | ||
|
Torsdag og fredag denne veka kjem mellom anna Gerd Liv Valla, sjefredaktør Anne Aasheim og Håvard Melnes til Høgskulen i Volda for å ta del i seminaret ”Ytringsfridom som alibi?” Politisk journalist i Klassekampen Alf Skjeseth vil ta føre seg ”Valla-saka” spesielt. [ Les meir ] - 31.10.2007 |
|
|
| 40 år sidan den sovjetiske invasjonen av Tsjekkoslovakia | ||
|
Tidligare utanrikskorrespondent og utanriksmedarbeidar i Aftenposten, Per Egil Hegge held opne dobbeltførelesingar om norske utanriksjournalistikk og om den sovjetiske invasjonen i Tsjekkoslovakia i 1968 førstkomande onsdag ettermiddag, melder førstelektor Rolf Werenskjold ved Avdeling for mediefag. [ Les meir ] - 30.10.2007 |
|
|
| Hoppid til Volda: Gründer i magen? | ||
|
Onsdag har du ein gylden moglegheit til å lære korleis du kan starte di eiga bedrift. Da kjem representantar frå gründerkontoret Hoppid til Høgskulen for snakke med studentane om korleis dei kan få hjelp til starte si eiga bedrift. [ Les meir ] - 30.10.2007 |
|
|
| FESTiVOLDA: Grieg-konsert i Kaarstad-huset | ||
|
Fyrstkomande fredag vil publikum få høyre tre av Edvard Grieg sine mest omtykte kammermusikalske verk i auditoriet i Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda. Ragnhild Engeset (song) og Bjørnar Myhr (klavér) vil framføre songsyklusen ”Haugtussa”, medan Øystein Salhus og Bjørnar Myhr vil spele den fyrste og tredje fiolinsonaten til Grieg. Konserten knytt til FESTiVOLDA-arrangementa
[ Les meir ] - 30.10.2007 |
|
|
| Symfonien er 60 år og rektor inviterer til lunsjkonsert | ||
|
Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda er 60 år og rektor Jørgen Amdam ynskjer å feire musikantane. Torsdag denne veka vert det lunsj akkompagnert av glade tonar på Berte Kanutte-huset. Allereie onsdag varmar høgskulekoret opp med minikonsert på skulen.
[ Les meir ] - 30.10.2007 |
|
|
| Planlegg kulturutveksling med universitet i Tyrkia | ||
|
Siste veka har Volda hatt besøk frå verdas nest største universitet, Anadolu universitet i Eskesehir i Tyrkia. Professorane Aysegul Ozen fra kunst- og handverk, professor Nezi Orhon frå media og animasjon/film og professor Ficret Ucar frå media og kommunikasjon er fulle av lovord over Høgskulen i Volda.
[ Les meir ] - 25.10.2007 |
|
|
| Media, IKT og designstudentar viser web-TV live no | ||
|
Frå kl. 15.00 i dag viser studentar frå Bachelorgradstudiet i Media, IKT og design web-TV frå studio som dei har bygt opp i prosjektroma sine. Studentane har laga ei eiga nettside som de kan fylgje no: LIVE STREAM [ Les meir ] - 25.10.2007 |
|
|
| Nytt dokfilmstyre i sving | ||
|
- Me er ein motivert gjeng som vil gjera alt for å laga ein så bra festival som mogeleg, seier ny leiar for Den Norske Dokumentarfilmfestivalen Åge Andre Breivik. Elleve engasjerte studentar ved Høgskulen står no i spissen for Den Norske Dokumentarfilmfestivalen 08. Etter tre møter er dei alt godt i gang med planlegginga av den tolvte festivalen i Volda, som vil gå av stabelen frå 29. april til 4. mai 2008. [ Les meir ] - 24.10.2007 |
|
|
| Hungarian night on Rokken | ||
|
The International Club and Pangaia are happy to invite and welcome you to Hungarian night. As a part of the International weeks of Volda kommune, this night will be unforgettable. You can taste the famous gulasch or feel, hear and try out this culture, you are welcome to Rokken, Friday 26th of October, at 19.00 hrs. [ Les meir ] - 24.10.2007 |
|
|
| Flott avslutning på Språkpakken i Møre og Romsdal 2007! | ||
|
Birgitte Fondevik Grimstad fra Høgskulen i Volda foreleste tirsdag om ”Kartlegging av to-/flerspråklige barn”, et område som krever god kunnskap både om barnets språklige bakgrunn og om språkutvikling. Grimstad pekte på de store utfordringene som helsestasjoner og barnehager står overfor i forhold til å fange opp to– og flerspråklige førskolebarn med svak språkutvikling, tilrettelegging av gode pedagogiske tilbud og kunne gi råd til foreldre. Dette var nyttig kunnskap som forsamlingen på siste kursdag i Språkpakken tydelig ønsket mer av! [ Les meir ] - 18.10.2007 |
|
|
| Realfagsatsing: Etter- og vidareutdanning av naturfaglærarar | ||
|
”Naturfag med mål og meining” er ei vidareutdanning for lærarar som no er utvikla ved Institutt for realfag ved Høgskulen i Volda. – Realfagssatsinga betyr at kommunane kan nytte øyremerka midlar til kompetanseheving av realfagslærarar. I Sunnmørsposten i dag seier fagansvarleg Erik Fooladi at det no er stort behov for naturfagkompetanse, og håpar fleire vil nytte sjansen til å ta del. [ Les meir ] - 17.10.2007 |
|
|
| Arbeidslivet vil ha Erasmus-studentar | ||
|
Erasmus-programmet, som er EU sitt program for høgare utdanning, kan vere ein døropnar til arbeidslivet. Professor Ulrich Teichler frå universitetet i Kasel, er medforfattar til ein ny studie om verdien av Erasmus når du skal starte på arbeidskarrieren. Studiet viser nemleg at dei erfaringane du gjer deg som Erasmus-student er etterspurt av mange arbeidsplassar. [ Les meir ] - 16.10.2007 |
|
|
| Denne veka er det karrieredagar i Møre og Romsdal | ||
|
Høgskulen i Volda tek del på Karriererettleiingsdagar i Ålesund og Kristiansund 15. – 19. oktober. - Her får elevane vere med å lage ei forenkla fjernsynssending. Dei får presentert eit tenkt tilfelle der ein elev skal vere programleiar og den andre intervjuobjekt, seier Pål Aam. [ Les meir ] - 14.10.2007 |
|
|
| Historisk institutt på ekskursjon til Edinburgh | ||
|
Historisk institutt var på ekskursjon til Edinburg i veke 41. Føremålet med besøket var først og fremst å sette seg inn i, og etablere kontaktar for studentutveksling med fagmiljø i Skottland for studentar som tek mastergraden i kulturmøte ved HVO. Men det vart òg lagt planar for samarbeid om det strategiske høgskuleprosjektet "Kulturperspektiv på møte mellom embetsmenn og bønder". [ Les meir ] - 14.10.2007 |
|
|