|
PPU - Praktisk pedagogisk utdanning, allm.fag - heiltid 1år, 60 stp |
| PPU - Praktisk pedagogisk utdanning, yrkesfag - deltid 2år, 60 stp |
|
Praktisk-pedagogisk utdanning er ei profesjonsutdanning som kvalifiserer for lærararbeid på mellom- og ungdomssteget i grunnskulen, for vidaregåande skule, i vaksenopplæringa og innanfor høgare utdanning. Det er viktig å vere merksam på at ein må velje undervisningsfag og fordjuping som er nemnde i læreplanen for det skuleslaget ein ønskjer å arbeide i.
Kort om programmet: Kva lærer du: Fagleg kompetanse: Solid fagkunnskap, bygd på det vitskapelege eller yrkesfaglege Didaktisk kompetanse: Studentane skal kunne planleggje, grunngi, gjennomføre Sosial kompetanse: Studiet skal hjelpe studentane til å utvikle kunnskap om og Yrkesetisk kompetanse: Lærarane er forplikta på dei overordna måla for opplæringa og på fellesverdiane i samfunnet slik dei er utforma i Opplæringslova og nasjonale planar for opplæring. Studentar skal utvikle eit medvite forhold til eigen profesjon. Som profesjonelle yrkesutøvarar må dei kunne grunngi sine val og handlingar overfor elevar, kollegar og andre. Endring og utviklingskompetanse: Samfunnet er i stadig utvikling, og studentane skal lære å forstå pedagogisk utviklingsarbeid som ein del av skulen sine oppgåver. Gjennom studiet skal dei bli fortrulege med skulebasert vurdering og utviklingsarbeid, kollegabasert rettleiing og gjennom teori og praksis utvikle eit reflektert forhold til både eigen praksis og skulen sin pedagogiske praksis. Kompetanseområda er knytt til læraren sine arbeidsoppgåver på tre ulikearenaer: Opptak: - Fullført allmennfagleg universitets- eller høgskuleutdanning av minimum tre års omfang. Utdanningsinstitusjonen fastset krav til fordjuping i enkeltfag. Utdanningsinstitusjonen avgjer eventuelle søknader på grunnlag av realkompetanse. Oppbygging og gjennomføring: Studentar med allmennfagleg bakgrunn i to eller fleire fag skal gjennomføre to fagdidaktiske kurs (15 x 2 stp). Studentar med berre eitt allmennfag (hovudfag/master) skal gjennomføre eitt fagdidaktisk kurs i same fag med omfang 30 stp. Studentar med yrkesfagleg bakgrunn skal gjennomføre eitt kurs i yrkesdidaktikk med omfang 30 stp.
|
|
|
|
|