Den kulturelle skulesekken er etablert som eit obligatorisk og varig tiltak for grunnskulen i Noreg. Den overordna målsettinga for Den kulturelle skulesekken er er at grunnskuleelevane i Noreg skal få eit breitt og profjesjonelt kulturtilbod innan alle sjangrar.

Både for å prøve ut og dokumentere behovet for ei permanent satsing, og for å gi kulturinteresserte eit fagleg løft inviterer difor fylkeskulturavdelinga i Møre og Romsdal og Høgskulen i Volda til:

Kunstnarverkstader
Kunstnarverkstader for kunstnarar innan teater, dans, litteratur, musikk og biletkunst som vil utvikle produksjonar til Den kulturelle skulesekken.

Er du kunstnar kan du søkje om å få delta på Prøvekluten 2006.
>> Les meir og søk

 

Kreativt seminar
-om kulturformidling for barn.
I år inviterer vi til eit inspirerande todagarsseminar om kreativitet og kulturformidling for lærarar, kulturformidlarar og kunstnarar.

>> Les meir og meld deg på.

 

Idéverkstader
Idèverkstaden samlar kunstformidlarar frå t.d. museum, bibliotek og kyrkje til ideutveksling og inspirasjon.


>> Les meir

 

Prøvekluten for born og ungdom
-Gratis kulturskule for aldersgruppa mellom 8 og 18 år
Dei tre prosjekta "Kreativ kakafoni", "Flaskedukke" og "Klær skaper folk" inviterer born og ungdom til å delta på ulike verkstader  innanfor musikk og kunst og handverk.


>>
Les meir og meld deg på.

 

 

Kontakt gjerne Signe Valsø eller Marit Ulvund om du vil vite meir om Prøvekluten 2006

Les meir om Prøvekluten 2005