Språkpakken 2007

Språkpakken 2007
– språkutvikling og språkvanskar hos barn og unge.

Førebygging, avdekking og tiltak. Kompetansehevingstiltak med oppstart 28. februar 2007 i Molde

 Program (NB: oppdatert program 13.02.07)  Ressursside for deltakarar

Høgskulen i Volda har ansvaret for gjennomføring av eit nytt kursopplegg i "Språkpakken" - eit kompetansehevingsprogram innan Kunnskapsløftet om språkutvikling og språkvanskar hos barn og unge.

Målgruppe

Tilsette på helsestasjon, i førskole, grunnskole og vidaregåande opplæring, samt PPT og andre som arbeider med språkstimulering, språktesting og med å gi relevant hjelp til barn og unge med språkvanskar.

Språkpakken 2007

Eit 5 dagars kursopplegg om språkutvikling og språkvanskar hos barn og unge som Bredtvet kompetansesenter har utarbeidd på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Kompetansehevingsprogrammet er ein del av Kunnskapsløftet og dei to nasjonale strategiplanane "Gi rom for lesing!" og "Likeverdig opplæring i praksis". Tidleg språkstimulering for alle barn og tiltak for å gi relevant hjelp til barn og unge med språkvanskar og andre vanskar er omtalt i St.meld. 16 (2006-2007) "...og ingen sto igjen -  Tidlig innsats for livslang læring" (Kunnskapsdepartementet). Kommunane og fylkeskommunen som eigarar av kommunale og fylkeskommunale tenester, har ansvaret for å leggje til rette for at det finst system og rutinar slik at barn og unge i målgruppa får den hjelpa dei treng.

"Språkpakka" vart gjennomført i 2006 med til saman 206 deltakarar som var innom kurset i Møre og Romsdal.  Av desse har 112 deltakarar gjennomført heile kursrekka og fått utdelt kursbevis. Høgskulen i Volda tar no ansvaret for gjennomføring av eit nytt kursopplegg i "Språkpakken" i Møre og Romsdal i løpet av 2007. Målgruppe er helsesøstre, førskolelærarar, lærarar og spesialpedagogar/logopedar i barnehage og skole, samt PPT og andre aktuelle fagpersonar.

5 kursdagar

Kursdag 1 er ein generell kursdag som er open for alle interesserte, medan kursdag 2-4 byggjer vidare på dag 1 og er for dei som også har ansvar for språktesting av barn og unge. Dei som av ulike grunner ikkje fekk fullført kurset i 2006, men som har betalt kursavgift, får tilbod om å delta på dei kursdagane som står att for å få kursbevis.

Stad og tid

Påmelding og pris

Faktura for kursavgift vil bli sendt medio februar. Hugs å føre på faktureringsadresse i påmeldingsskjemaet. Deltakarlista vil bli lagt ut på heimesida etter påmeldingsfristen den 9. februar.

Meld deg på her innan 9. februar

Kontaktpersonar

Irene Bele
v/lærarutdanninga er fagleg ansvarleg for kursopplegget
T 70 07 52 91 | E irene.bele@hivolda.no

Oddbjørn Nes
v/kontoret for etter- og vidareutdanning er ansvarleg for organisering/påmelding, m.m.
T 70 07 50 55 | E
oddbjornn@hivolda.no

 Program (NB: oppdatert program 13.02.07)  Ressursside for deltakarar