Lærarutdanningar

Læraryrket er viktig i dagens samfunn og vil òg vere det i framtida. Når ein ser arbeidsmarknaden i eit litt lengre perspektiv, så er læraryrket mellom dei mest stabile og sikre yrka ein kan ha. Lærarar treng ein anten arbeidslivskonjunkturane går opp eller ned. Med ei  lærarutdanning kan du arbeide og bu nesten kor som helst, for barnehagar og skular finst nesten alle stader.

Her er ein skjematisk oversikt over kva dei ulike lærarutdanningane kvalifiserer til:

Førskulelærarutdanning (3 år bachelorgradsstudium):                

Kvalifiserer til arbeid i:

- Barnehage, SFO og 1.klasse i grunnskulen ( *sjå  §14-2,a under ).
Allmennlærarutdanning (4 år):

Kvalifiserer til arbeid i:

- 1. - 10.klasse i grunnskulen ( *sjå §14-2,b under ).
- Vidaregåande skule (minimumskrav til fagleg fordjuping)
- Vaksenopplæring (grunnskuleopplæring for vaksne)
- Folkehøgskule
Praktisk-pedagogisk utdanning - PPU allm.fag (3 år fagutdanning og 1 år PPU el. 5 år fagutdanning og 1 år PPU)

Kvalifiserer til arbeid i:

- 5. - 10.klasse i grunnskulen ( *sjå §14-2,b under).
- Vidaregåande skule
- Vaksenopplæraing (grunnskuleopplæring for vaksne)
- Folkehøgskule
- Høgskule/universitet (minimum 5 år hovudfag/master og 1 år PPU)
Praktisk-pedagogisk utdanning - PPU yrkesfag (yrkesfagleg utdanning/kompetanse og 1 år PPU)

Kvalifiserer til arbeid i:

- Vidaregåande skule (yrkesfaglege utdanningsprogram)

FAGTILBOD
 Allmennlærarutdanning 4 årig
 Førskulelærarutdanning Bachelorgradsstudium
 Førskulelærarutdanning deltid Bachelorgradsstudium
 Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) Allmennfag-heiltid og yrkesfag deltid m/avg..

*  Endring av kompetansekrav for tilsetjing i skolen.
Det er fastsatt endringer i forskrift til opplæringslova FOR 2006-06-23 nr. 724, §14 om krav for tilsetting i grunnskolen. Endringene gjelder fra 1.august 2008.

Endringene omfatter:

§14-2,a Tilsetting i undervisningsstilling på barnetrinnet i grunnskolen:
For tilsetting i undervisningsstilling på barnetrinnet i grunnskolen, må den som har førskolelærerutdanning ha minst 60 studiepoeng videreutdanning innrettet på undervisning på barnetrinnet.

Endringene gjelder for de som starter i førskolelærerutdanningen høsten 2008 eller senere. Studenter som startet sin førskolelærerutdanning senest høsten 2007 vil ved fullføring av sin utdanning ha gyldig kompetanse for å bli tilsatt på 1.årstrinn i grunnskolen uten å ha slik videreutdanning.

§14-2, b Tilsetting i undervisningsstilling på ungdomstrinnet i grunnskolen:
Ved tilsetting for undervisning i fagene norsk, matematikk eller engelsk må den som tilsettes ha minst 60 studiepoeng relevant utdanning for tilsettingsfaget.

Endringen gjelder for de som startet sin allmennlærerutdanning høsten 2007 eller senere. De som startet sin utdanning høsten 2006, vil ved fulllføring ha gyldig kompetanse for å bli tilsatt i fagene norsk, matematikk og engelsk på ungdomstrinnet uten å ha minst 60 studiepoeng relevant utdanning i tilsettingsfaget.


Her finn du heile Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova med oversikt over alle kompetansekrava for tilsetjing i grunnskulen.