Til deg som skal delta i vidareutdanningsdelen (med studiepoeng)

Naturfag med mål og meining inneheld studiet "Naturfag for lærarar i grunnskulen". Av dei 120 deltakarane er det om lag 30 som tek vidareutdanning og får 30 studiepoeng over 2 1/2 år. Studiet inneheld følgjande komponenter:

Fagdel, 20 studiepoeng

Fagdelen er delt i to (12 + 8 studiepoeng) med eksamen i desember 2008 og desember 2009. Desse byggjer på oppgåvene du har skrive og faglitteratur/innhald i dei verkstadane du har delteke på.

Utviklingsdel, 10 studiepoeng

Kvar student skal gjennom heile perioden gjennomføre eit utviklingsarbeid på eigen skule. Tema for dette vert opp til den einskilde student, og vert fastsett i samråd med rettleiar frå høgskulen. Arbeidet skal dokumenterast.

Ein sett saman studieringar ut frå geografi, og desse skal fungere som diskusjonsfora for dei ulike lokale utviklingsprosjekta.

Døme på slike utviklingsarbeid kan vere:

Denne delen vert avslutta med ein munnleg eksamen som tek utgangspunkt i den skriftlege dokumentasjonen av utviklingsarbeidet.

Meir informasjon er å finne i studieplanen "Naturfag for lærarar i grunnskulen". Det er viktig at alle studentar i Naturfag med mål og meining set seg grundig inn i denne.

Grafisk framstilling av progresjon i Naturfag med mål og meining (stor versjon for utskrift).