Gaute Myhren Kornberg (15) tek regi ved miksepulten. Ingen tvil om at skoleeleven trives i eit fjernsynsstudio. Han og andre i klassa ser gjerne for seg eit yrke innan media.
Tysdag vart nok ein vellykka dag avvikla på Karrieremessa ved Høgskulen i Ålesund. Det vrimla av skodelystne tiandeklassingar på standen til Høgskulen i Volda. Ei av dei aller mest ivrige klassane kom frå Folkestad. Fleire melde seg kjapt da førstelektor ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda, Pål Aam, ba om friviljuge til å lage ei fjernsynssending. Nokre fant seg til rette bak kamera, medan andre ville prøve seg som programleiar.
![]()
- Det der virka litt avansert, seier dei to jentene.
Dei peikar mot miksepulten. Det sit Gaute Myhren Kornberg. Han er heilt oppslukt av alle knappane.
- Dette virka veldig spanande. Eg kunne kunne godt tenkje meg eit yrke innan media. Men eg har sett så mykje interessant her i dag at eg har vanskelig for å velje kva eg skal satse på. Det vekslar mellom alt frå pilot, sjøfart og tv-bransjen. Kanskje eg blir naud å trekkje lodd, ler den kvikke eleven.