Allmennlærarutdanning (240 st.p.)

             

Bli lærar?
Høgskulen i Volda har innanfor lærarutdanning
eit av dei største og    breiaste fagtilboda i Noreg. Som student ved vår høgskule vil du derfor finne dei fleste fag som er aktuelle i grunn- og vidaregåande skule. Spesielt har høgskulen satsa på dei praktisk-estetiske faga musikk, drama, kunst og handverk, kroppsøving og friluftsliv.

Bli lektor?
Med føresetnad om at krav om fordjuping er oppfylt, kan studentar byggje på til mastergrad i grunnskulens norskfag, grunnskulens matematikkfag eller spesialpedasgogikk. Du vil då vere ferdig utdanna lektor etter 5 år.

     

           


Allmennlærarutdanning - 4 år, 240 studiepoeng
Allmennlærarutdanninga er 4-årig og kvalifiserer primært for undervisning i grunnskulen, og førebur m.a. for klasselærarfunksjonar. Utdanninga gir også grunnlag for arbeid i andre skuleslag som til dømes folkehøgskule og vidaregåande skule, for pedagogiske og administrative oppgåver i skuleverket og for satsing andre stader i arbeidslivet.
Utdanninga består av ein obligatorisk kjerne med pedagogikk, praksisopplæring og sentrale grunnskulefag, der fagstudium er kombinerte med fagdidaktikk.

Allmennlærarutdanning, deltid - 5 år, 240 studiepoeng.
I nokre periodar tilbyd høgskulen allmennlærarutdanning  deltid over 5 år. Studiet er retta mot studentar som under studietida har arbeid i skulen eller i anna pedagogisk verksemd, og som av praktiske grunnar kan ha vanskar med å gjennomføre ei ordinær 4-årig allmennlærarutdanning.

Les om praksis.

Les meir i studieplanen.
Les meir i
studiekatalogen.


Kontaktperson: Studieleiar
Johan Wangen, Tlf 70 07 5309