Alle studietilboda ved Historisk institutt har rimeleg omfattande tilrettelegging for fjern- og/eller deltidsstudentar. Vi har i fleire år gjort forsøk med tilpassing for at studentar i desse kategoriane skal kunne nytte dei ordinære tilboda våre.
Instituttet har eigne fjernstudium. Dei er tilnærma like dei ordinære teoriemna (sjå oversyn under detaljert tilbod). Forskjellen ser du ved at emnekoden har ein N til slutt, t.d. HI101N, HI204N. Nettemna har òg eigne semesterplanar.
Viktige komponentar for fjern-/deltidsstudentar:
Når du har sett deg inn i desse elementa, kan du evt. ta kontakt med studiekonsulent Grete Marry Brøste (gmb@hivolda.no tlf 70 07 51 76) eller instituttleiar Brynjulv Gjerdåker (bg@hivolda.no tlf 70 07 52 18) viss det framleis er noko du er i tvil om.
Informasjon om korleis du søkjer: sjå menyen på framsida, øvst til venstre.
Når du evt. har fått tilbod om studieplassen og svart ja, er det særs viktig at du betalar semesteravgifta straks du får innbetalingsblanketten tilsendt og emneregistrerer deg i Studentweb (sjå over). Det er først når du har gjort dette at du får tilgang til informasjon i Classfronter. Særleg ved starten på haustsemesteret er det travelt, og viktig at du sjølv følgjer opp og tek kontakt tidlegast muleg.