Velkomen til Animasjonsutdanninga

Besøk den nye Animation Volda sida (på Engelsk)

Utdanninga i animasjon ved Høgskulen i Volda er den einaste i landet på bachelornivå. I dag finn vi Volda-animatørar i mange delar av norsk mediebransje. Fagfolk med bakgrunn frå Volda har bidratt til mange av dei store, norske animasjonssuksessane dei siste åra.  
Det blir undervist i fleire animasjonsteknikkar i utdanninga, og studentane har tilgang til godt opptaks- og redigeringsutstyr. Studiet er retta mot kreative personar med interesse for visuelle medium. Søkjarar bør ha kunnskap tilsvarande vidaregåande kurs 2 i teikning, form og farge. Tidlegare erfaring frå animasjon eller andre visuelle uttrykksformer eller medium er også ein fordel. Miljøet ved animasjonsutdanninga er kreativt og internasjonalt, og i løpet av studiet vil ein få møte kjende fagfolk frå animasjonsverda.

Har du spørsmål angående utdanninga, kontakt utdanningsansvarlig Andres Mänd (tlf. 7007 5072) eller Torbjørn Lien (tlf. 7007 5028).

Les meir om bachelorprogrammet i 
Studiehandboka
Emnetabell BA i animasjon

 

Interessert i å søke til opptaket i 2008? Poenggrenser for opptak finst på Samordna opptak sine sider. Vend deg til Studentkontoret når du vil ha søkadsskjema.