Finst det yrke der ein ikkje har behov for kunnskap om media og kommunikasjon? Informasjon er viktig i alle slags verksemder. Korleis ein organisasjon kommuniserer, har innverknad både på omdøme, effektivitet og økonomi. Informasjonsutdanninga i Volda gir deg nyttig og etterspurd kompetanse, og kvalifiserer for ulike typar informasjonsarbeid i alle delar av samfunnet. Vi har god kontakt med informasjonsbransjen, mellom anna gjennom ei innarbeidd ordning med utplassering i bransjebedrifter.
Den treårige bachelorutdanninga i informasjon og media gir ei innføring i praktisk og teoretisk informasjonsarbeid. Det er òg eit viktig mål å formidle eit bevisst forhold til tale-, bilde- og skriftspråk, og eit kurs i journalistikk inngår i studiet.. Utdanninga skal gi kompetanse i å planleggje og gjennomføre informasjonstiltak, for eksempel arbeid med opplysningskampanjar, utarbeiding av informasjonsmateriell, arbeid med nettsider m.v. Gjennom valfrie delar av studiet blir det lagt til rette for spesialisering, og det er mogleg å studere eit semester eller to ved institusjonar i utlandet.
Les meir om bachelorprogrammet i Høgskulen i Volda si studiehandbok
Emnetabellane gjev ei oversikt over når og korleis dei ulike modulane er sett saman
| Interessert i å søke til opptaket i 2008? Poenggrenser for opptak finst på Samordna opptak sine sider. Vend deg til Studentkontoret for søknadsskjema. |