Frist for søknad om opptak til vårsemesteret 2008 er 1. desember.
Last ned søknadsskjema (pdf-fil) eller bruk søknadsweb (sjå under)
Spørsmål: Ring 700 54 800 eller send e-post til sok@hivolda.no
I tillegg har alle tilbod gjennom Studiesenteret.no. Du finn skjema på deira heimeside.
Dokumentasjon (rettkjende kopiar av vitnemål og attestar) som syner at du stettar opptakskrava, inkl. eventuelle forkrav, må sendast snarast og innen 1. desember 2007.
Bachelorgrads, mastergrads-, fordjupings-, halvårs- og delstudium
Desse studia søkjer du direkte til høgskulen. Logg deg på Søknadsweb (lag ei vilkårleg pinkode). Registrer personalia og prioriter dei studia du vil søkje på. Ettersend naudynt dokumentasjon pr. post direkte til høgskulen.
Om du har spørsmål om søknad eller opptak ved Høgskulen i Volda kan du sende ein e-post til sok@hivolda.no.
| Fristar og prosedyrar i opptaket: | |
| Samordna opptak - årsstudium, bachelorstudium og allmennlærarutdanning | |
| 1.mars |
Søknadsfrist for spesielle søkjargrupper: |
| 15.april | ORDINÆR SØKNADSFRIST - også for dei som fekk reservert studieplass i fjor |
| mai/juni | Seinast 1. juni får søkjaren tilsendt omslagsark og melding om kva for ein lærestad som skal handsame søknaden. |
| 1. juli | Siste frist for ettersending av vårens vitnemål og attestar. Siste frist for omprioritering av tidligare innsende studieønske via nettsøknaden. NB! Ikkje nye ønskjer. |
| 10. juli | Siste frist for å skifte adresse på svarbrev i hovudopptaket. |
| 18. juli | Hovudopptak - svar på søknaden er tilgjengeleg på papir og nett. Tilbod om studieplass vert alltid gitt på det høgst prioriterte studieønsket som søkjaren har nok poeng til å kome inn på. |
| 20. juli | Ledige studieplassar etter hovudopptaket vert lagt ut på Restetorget. |
| 26. juli | Svarfrist for hovudopptak. Søkjaren kan svare på nettsøknad eller med svarkort. Må også stadfeste evt. ventelisteplass. |
| 29. juli | Nasjonalt suppleringsopptak |
| etter 29. juli | Restetorgopptak og lokale suppleringsopptak på dei studium som har ledige plassar. |
| Lokalt opptak - praktisk-pedagogisk utdanning, mastergrads-, fordjupings- og halvårsstudium | |
| 1.mars |
Søknadsfrist for |
| 15. april | ORDINÆR SØKNADSFRIST |
| 1. juli | Siste frist for ettersending av vårens vitnemål og attestar. |
| juni/juli | Svar på lokalt opptak vert sendt ut puljevis, og med hovudtyngd i juli. Hugs å gi oss rett adresse. |
Oppstart av tilboda er avhengig av søkjartal og ressurssituasjonen ved høgskulen.
(* Skjemaa er i pdf-format, og kan lesast med Acrobat Reader. Dersom du klikkar på lenka og søknadsskjemaet kjem fram, har du programmet installert. Kjem det ikkje fram, får du opp eit vindu der maskina spør kvar du ønskjer å lagre fila. For å kunne opne fila må du installere Acrobat Reader. Du kan laste ned Acrobat Reader ved å klikke her. )