Hallo!
Her er nokre ord om ka eg driv med som kadett ombord i "Ocean Challanger". No opererar vi på sørsida av Sør-Korea, og båten har kontrakt i desse områda til i august. Den fiberoptiske kabelen som skal leggast skal gå frå Pusan,Sør-Korea, til Hong Kong. I og med at det er kabel som skal leggast/gravast ned på havbotnen ligg båten stort sett heile tida på DP, dynamisk posisjonering. Dette er eit system som v.h.a. diverse posisjonsreferanse system, som td. GPS,og fleire propellar skal halde båten innanfor eit område på nokre få meter på eit punkt eller langs eit track. Før eg reiste ut, fekk eg eit grunnleggande DP-kurs gjennom skulen som ein treng dersom ein skal kunne gå vakter som DP-operatør. Å overvåke dette systemet/ sjå til at båten beheld posisjonen er ei av mine oppgåver når vi er i sjøen. Eg går 12 timarsvakter ilag med overstyrmannen og vi set ein time kvar ved DP-pulten. Her er ein heil masse utstyr ombord som eg får opplæring med. Ved landligge kan det vere at eg er med på vedlikehald på dette utstyret eller på andre ting som måtte trenge det. Ellers har eg eigen lugar med dusj,toalett,tv/video,stereo,kjøleskap og telefon. Angåande telefon, så har båten Immarsat C, som gjer at vi kan ringe heim for kun 30 øre per min. Dette må kunne seiast å vere god velferd! MVH. Atle Jonny Dale |
||||