Reisebrev fra BangkokHei igjen alle sammen! Det fyrste vi må meddele er at vi har fått oss thai namn.
Vi har også vore på Chatuchac Weekend Market sammen med Erica, ei jente fra USA som vi går i klasse med. Weekend markedet er som namnet tilseier ope berre i helgane, og består av ca.9000 ”butikkar”, rettare sagt boder. Det var litt vanskelig å orientere seg, og timane gjekk fort! Ammar hjalp Mali å prute –og det vert alltid verdsatt! Det har vorte ein del eting på restauranter også. Vi har prøvd oss på litt forskjellig type mat no når vi virkelig har sjansen til det: Ein annan særeigen ting med Thailand som vi har lagt merke til er Katoyane. Ein katoy er ein transvesitt. Ofte ser ein ikkje forskjell på dei og damer i det heile tatt. (Glad vi ikkje er mann her nede…). Kinogåing har det også vorte ein del av…for Mali. Kinosalane er kjempebra. Litt vel kaldt til tider pga air conditionen men skitt au. Det mest særegne er at før kvar einaste film vert vist må vi alle sammen røyse oss opp når nasjonalsongen vert spelt og bildet av kongen vist på lerretet! Ganske spesielt… I går var vi i en park med leikestativ der Natalie leikte seg litt. Plutselig høyrde vi musikk og såg rundt oss at alle hadde røyst seg opp. Midt i gata på hovudvegen ved sidan av parken køyrde eit tog som spelte nasjonalsongen! Det hadde vi aldri opplevd i Norge nei! Tradisjonell thai massasje er ein annan ting vi har utforska her nede. Hittil har Mali prøvd 3 forskjellige typar. Den første var på Boss Tower –der vi budde først. Ein brutal opplevelse der tårene nesten trilla. Den neste var på Koh Samet, i strandkanten, med solbrent hud og sand massert inn med olje… Den tredje var ein virkelig positiv opplevelse. Eg og Malika drog til ein fasjonabel massasjesalong der vi hadde 1 ½ time med olje-massasje. (bilde av massasje-trusa kjem kanskje seinare… he, he). Vel verdt pengane. (4 ganger så dyrt som dei to første…). Ein ting som vi aldri kjem til å bli vande med her nede er variasjonen i alle luktene som svirrer rundt i lufta. Alt fra kloakk- og søppellukter, til gatekjøkken matlukt –i bokstavlig forstand- andre lukter vi ikkje veit kva er, eksos og blomsterlukt. Ei herlig blanding til tider! Mali har av den grunn vorte sniffar –ein dings som dei sel her nede som lukter ei blanding av eucaluptus, kamfer og menthol. Trur eg kjem til å ta med ei ladning heim til vintersbruk og forkjølelsessesongen. Natalie har klart å beskrive Thailand med eit nauta bra uttrykk: ”Alt er annerledes i Thailand, mamma!”. Båttur har vi også vore på. Den føregjekk i ein long-tail båt på elva. Etter ein tur på hovedelva i Bangkok tok vi ein avstikkar inn ei av sideelvane. Husa stod på påler i elva. Somme plassser såg pålane heilt oppmorkna ut, der hadde vi aldri tort å budd! Som i resten av Bangkok var der palass innimellom falleferdige hus. Somme av husa hadde vi ikkje sagt nei takk til å bygge heime i Norge… Midt i elveleia stoppa vi og kjøpte oss is med is-båten! Turen tok ca. ein time. Det var kjekt å vere ute på bølgjan blå og kjenne vinden i håret igjen. Etter båtturen tok vi tuk-tuk –ein motordreven trehjulssykkelbil– til Back Packer Street. Det er ein av stadane ryggsekkreisande der for å kjøpe billege ting. Resultat: Mali kjøpte seg mange brente Cder (Heldigvis hadde eit fåtall hakk i seg). Gled dokke til grill- og cafè-musikk folkens! Vi har også begynt med ekstra-undervisning i Internasjonal markedsføring med Dr. Ellen Herzberg ved BUIC –det er ei vidareføring frå Høgskulen i Ålesund. Uheldigvis har vi bare litt over en måned å lese pensumet på! Eg og Malika har forresten funne ut korfor Thaiene er så tynne: På skulen og på kjøpesentre står der vekter tilgjengelig så en kan vege seg når som helst!! Skal sei dei er vekt/kroppsfiksert. Ellers blir kvite folk kalt farang her nede. En farang er da en veldig rik person fra vesten. (Og dette stemmer jo med oss. He he) Når en har vore ute og handler på ”overklasse” varehus, og drosjesjåførene – i alle fall dei som pratar engelsk – lurer på kva vi jobber med, er det ikkje så lett å overbevise dei om at vi er studenter… Av same grunn får ikkje det mannlege reisefølget vårt gå i fred på gata –dei er nemleg ein mulig billett til eit luksusliv, enten her i Bangkok eller i Vesten. Mali var på eit varesenter her ein dag (som vanlig?) og vart tilboda gratis sminking. Resultat? Enda kvitare hud med rosa kinn og lepper, samt lyseblå augeskygge og BREIE augebryn… vakkert… I Thailand er det nemleg status å vere kvit. Di kvitare di bedre, derfor har dei kremar, pudder og deodorant(!) som bleiker huda deira kvit! Dei klarer ikkje å forstå at vi gjerne vil ha litt brunfarge for å ikkje sjå sjuke ut! Her nede går dei rundt med paraplyer, bøker, vesker og lignende for å dekke ansiktet for sola! Og verre blir det vel når sommaren set inn for fullt i mars/april –som er den varmaste delen av året. Ein litt morsom detalj vi har funne ut er at dei skifter kle på Buddha-statuer her nede, for eksempel smaragd buddhaen i Grand Palace. Det skjer 3 ganger i året, dei har nemlig berre 3 årstider her nede. Sol, litt meir sol, enda meir sol… Natalie trivast fortsatt i barnehagen. Ho har til og med begynt å ete mat som mora aldri hadde trudd ho kom til å like –ris, kylling tillaga på indisk vis, thai-maten i barnehagen… Temperaturen her nede: varmt. Når t.o.m. Mali sveitter (innimellom) da er det bra temperatur! Det er nesten like varmt om natta som på dagtid –og vi savnar ikkje vinter, kulde, snømåking, isskraping osv. eit einaste sekund. Det er godt å kunne gå ut uten å fryse, og gikta har det bra… -som regel. Ellers står det bra til med oss her nede. Natalie vil ikkje heimatt til Noreg enda. I dag fortalte ho Ammar at ho skulle reise til Noreg i morga og hente tinga sine for ho skal flytte til Thailand. Hilsen Mali, Malika og Nataliè |
||||