REFERAT FRÅ AVDELINGSSTYREMØTE 26. FEBRUAR
2001

Representantar:

Til stades i møtet:

Hans Støle, vara

x

Helge Tor Kristiansen, vara

x

Webjørn Rekdalsbakken

x

Elise Rusten

x

Geirmund Oltedal

x

Helge Midthaug

X

Anniken Karlsen

X

Eirik Hoem

x


 

Medlemmer med stemmerett til stade: 8

Vidar Øverås møtte ikkje.

Observatør: Inger - Anne Knutsen

Referent: Ralf Kirchhoff

Innkallinga vart vedteken utan merknader.

Møteprotokollen fra møte 22.01.2001 ble godkjent.


Sak 07/2001 KUTT I INGENIØRSTUDIEPLASSAR


Vedtak
Avdelingstyret krev at avdelingsleiinga og leiinga ved høgskolen gjev
høgaste prioritet til arbeidet for å unngå at kuttet på 40 studieplassar
vert ført vidare.

Avdelingsstyret bed om at det vert arbeidd aktivt for å gjenvinne kuttet på
40 ingeniørstudieplassar.


Saka vart samrøysta vedteken.



Sak 08/2001 HANDLINGSPLAN FOR LIKESTILLING

(Arkivnr.: 2001/166/271)


Vedtak
Avdelingstyret har ingen merknader til høyringssaka "Handlingsplan for
likestilling ved Høgskolen i Ålesund".


Saka vart samrøysta vedteken.



Sak 09/2001 DESENTRALISERT UTDANNING I KRISTIANSUND


Vedtak
Avdelingsstyret går inn for at det vert starta eit
desentralisert 2-årig tilbod i Kristiansund for påbygging til
ingeniørutdanning for fagskoleteknikarar. Dekanus får fullmakt til i samråd
med aktuelle fagmiljø på avdelinga å avgjere om tilbodet blir
elektro-automasjon eller maskin. Avdelingsstyret ber om at tilbodet blir
planlagt og gjennomført på ein slik måte at ressursane som er øyremerka i
størst mogeleg grad kjem fagmiljø ved AIM til gode. Studietilbodet blir basert
på fjernundervisning frå Ålesund.


Saka vart samrøysta vedteken.


Sak 10/2001 EVENTUELT




a) Tildelingsbrev frå KUF: Kontorsjefen orienterte om KUF sitt
tildelingsbrev.

b) Driftsstyre Gangstøvika: Dekan får fullmakt til å oppnemne 1
avdelingsrepresentant til nytt driftsstyre i Gangstøvika.




 

Avdeling for ingeniør- og maritime fag

Avdelingsstyret

Protokoller

Studieledere AIM

Studenttillitsvalgte AIM

IKT - seksjonen

Realfag

Bygg-GIS seksjonen

Nyheter AIM

Til forsiden