Kontakt

Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 00
Telefaks: 70 07 50 51
Besøksadresse:
Joplassvegen 11,
6101 Volda

Postmottak@hivolda.no
Til kontaktsider

 

 

Om avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning



Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL) vart oppretta 1.august 2007 då Høgskulen iverksette  omorganisering med ny avdelingsstruktur. Avdelinga er delt i fire institutt: Institutt for realfag, Institutt for pedagogikk, Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag (RLK) samt Institutt for språk og litteratur. I tillegg utgjer lærarutdanningane ein stor del av denne avdelinga. For ei fullstendig oversikt over fagtilboda som dei ulike institutta tilbyr, vel du studietilbod i menyen til venstre.
AHL er den største avdelinga ved høgskulen og har omlag 90 tilsette og 800 studentar.
Avdelinga er no spreidd på fleire bygningar: Berte Kanutte (BK) - 2.etg, Kaarstad - 2.etg, Nedretun og Strøm. Om eit par år skal avdelinga etter planen vere samla i BK og eit nytt bygg i tilknyting til BK.

Dekan
Dekanen er fagleg og administrativ leiar for avdelinga. Dekan er Rakel Christina Granaas.

Kontorsjef
Kontorsjefen er administrativ og økonomisk nestleiar i avdelinga. Kontorsjef er Jon Arild Kvamme Sollid.

Studieleiar og studieprogramansvarleg
Det er studieleiarar på lærarutdanningane, og studieprogramansvarlege på alle halvårsstudium, årsstudium, bachelorprogram og masterprogram. Studieleiar/ studieprogramansvarleg har det utøvande ansvaret for at undervisninga og drifta av studiet er av god kvalitet.

Avdelingsråd
Avdelingsrådet er rådgjevande organ for dekanen og skal medverke til god dialog mellom avdelingsleiinga, dei tilsette og studentane. Rådet kan sjølv ta initiativ til å få saker på sakskartet og be avdelingsleiinga om å få dei utgreidde.
Rådet er sett saman av 3 - 5 fagtilsette på avdelinga, 1 adm.tilsett, 2 studentar og 1 - 2 eksterne medlemer. 

Sjå ein Power Point - presentasjon av avdelinga.



Beyond constructionism25.03.2009
Stor auke i vitskapleg publisering09.03.2009
Kunnskap i ei krisetid19.02.2009
1968-opprøra i norske aviser28.01.2009
Professor med slagord ”språkhistorie nedanfrå”21.01.2009
Seminar om Jostein Fet og bokhistorie13.01.2009
Doktordisputas: Marie Nedregotten Sørbø06.01.2009
Seminar: Saman om omsorg for barn 200918.12.2008
Ny bok: Gud for kvarmann17.12.2008
Vestad gir ut ordliste i moldedialekta10.12.2008
Professor Lars Inge Terum tilbake til Volda08.12.2008
Ny lærarutdanning i Volda04.12.2008
Verdifull kunnskap for arbeidslivet04.12.2008
Professor i matematikkdidaktikk – ein sjeldan kompetanse03.12.2008
Symfoniorkesteret slepper plate i samband med julekonsertane02.12.2008



Del

Høgskulen i Volda Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda | Telefon: 70 07 50 00 | Telefaks: 70 07 50 51 | Kontakt oss
Oppdatert av Ivar Hagen 2009-03-27 15:38:49 | Publisert med NetEd : Publish

 

 

Oppslagstavle

Lyst å besøke oss?
02.10.2008

 

Høgskulen i Volda tek Kunnskapsløftet