Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo: 5. oktober 2005 

Leika i Berlin

Kroppsøvingslærar Liv Ingrid Grov deltok i sommar på den 16. internasjonale leikkonferansen i Berlin. Her fekk leikprosjektet hennar eit nytt løft.

– Konferansen samla nærare 400 deltakarar frå 42 land. Det var mange interessante papers, presentasjonar, workshops og posters. Eg presenterte leikprosjektet mitt, medan Arne Trageton snakka om hyttebygging og tekstskaping på pc.

Trefte andre
Som tidlegare var responsen på leikprosjektet svært god. Liv Ingrid vart kjent med fleire andre leikforskarar.

– Ei av desse var Barbra Verholen som hadde innlegg om ”Play and Education”. Det var også interessant å treffa att Siegfried Zoels frå Berlin.

Til Noreg
Det mest artige med konferansen var at ei av dei som høyrde på Liv Ingrid, Helen Tyas Tunggal frå Australia, skulle til Noreg for å sjå på leikeplassar etter konferansen i Berlin.

– Ho hadde tidlegare vore lærar, rektor og no landskapsarkitekt for skular, eller ”learnscape”-arkitekt  som det vert kalla i Australia.

Ekte leik
Helen hadde møtt Asbjørn Flemmen frå Volda på ein tidlegare konferanse, og no i Berlin. Ho var fascinert av uteområda som Flemmen hadde vore konstruktør for, under mottoet ”ekte leik”, til dømes ved Skudenes skule på Karmøy.

– Eg inviterte henne og mannen til å bu hos meg. Ei veke etter konferansen kom dei. Det vart mellom anna omvising på skuleområde på Stord og i Skudeneshavn. På Karmøy var Toril Hanssen framifrå guide og vertinne.

Helen bidrog også til å finna fleire spanande nettstader om ”Playground games” og ”Schoolyard games”.


TH
EN WE TAKE BERLIN:
Liv Ingrid Grov og Arne Trageton.