| HEI!
Eg
arbeider særskilt med emnet grunnleggjande lese- og skriveopplæring. Dette
emnet vil eg presentera på desse nettsidene>>
Det vil her vera eit oversyn over
sentrale problemstillingar i arbeidet med grunnleggjande lese- og
skriveopplæring. Problemstillingane er nært knytta til einannan, og det
er heile tida viktig å sjå denne samanhengen. Til einskilde
problemstillingar legg eg ved eit spørsmålsark som du bør ta deg tid
til å arbeida med.
Pensum til emnet er først og fremst boka til Ingolv Austad (red.): Mening
i tekst. (1997). Boka er ei artikkelsamling og kan såleis til
tider vera vanskeleg å kopla til dei einskilde problemstillingane eg
presenterer. Dette vil eg hjelpa deg med ved å visa til einskilde
artiklar etter kvart som eg tek for meg dei ulike problemstillingane.
Til presentasjonen av emnet skriftforming (som inngår som pensum for
allmenlærarstudentane), gjer eg merksam på at det her
er vesentleg at du har skaffa deg kompendiumet som dei sel i
studentekspedisjonen.
Har du spørsmål til nokre av øvingsoppgåvene eller andre spørsmål
knytta til emnet grunnleggjande lese- og skriveopplæring, kan du jo berre
skriva ein mail til meg. [iflatoy@online.no]
Helsing:

Gå
til fagsidene>>
|