Modulbasert - ekstern plan                                                                   oppdatert 28 05 2001  va

Modulbasert vidareutdanning i musikk

Første 10 vt Andre 10 vt Tredje 10 vt

Fagplanar inntil 30 vekttal

 

 

 

 

 

 

 

Innleiing

 

Den modulbaserte vidareutdanninga i musikk ved HSH byggjer på rammeplanane i musikk for allmennlærarar (ALU) og 4-årig faglærarutdanning i praktiske og estetiske fag (FFLU).

 

Desse planane er organiserte i målområda Musisere, Danse, Komponere, Lytte og Reflektere og integrere. Innhaldet i alle modular byggjer på desse målområda, men vektinga av målområda kan vera ulik frå modul til modul. Omfanget av modulane varierer frå 2 til 5 vekttal.

 

Mål for utdanninga

Lærarutdanning ALU og FFLU har felles mål for faget musikk. Måla er å forstå som framtidige siktepunkt for alle som tek utdanninga eller deler av denne. Det er eit viktig siktepunkt på alle nivå at ein som deltakar er bevisst på kva som er eit framtidig mål, og kor ein sjølv står i utviklinga mot målet.

Måla som er sette for fageininga musikk i grunnutdanninga gjeld også for den modulbaserte vidareutdanninga som er skissert i desse fagplanane.

 

Måla er formulerte slik:

Deltakarane skal

utvikla handlingskompetanse, kunnskapar og haldningar som fører til personleg vekst, og som gir eit musikkfagleg og pedagogisk grunnlag for å vera lærar i musikk
utvikla forståing for den estetiske dimensjonen i faget, oppøve estetisk og kvalitativ vurderingsevne og få kunnskap om og erfaring med musikk som skapande verksemd
utvikla reflekterte haldningar til fag, elevar og undervisning og få tiltru til eige potensial som lærar og interesse for å utvikla seg vidare i faget
utvikla musikalsk skjønn i omgang med ulike typar musikk, og sjå dette i samanheng med den musikalske utviklinga hos barn og unge og den musikken barn og unge møter i kvardagen
tileigna seg kunnskapar om musikk som kulturuttrykk og samfunnsfenomen før og nå
utvikla evna til å leia musikalske aktivitetar innanfor og utanfor skolemiljøet og kunna bruka musikk som ein del av tema- og prosjektarbeid

 

Organisering av modular for kompetansegjevande utdanning

Den modulbasert kompetansegjevande utdanninga ved HSH består av fleire modular frå 2 til 5 vekttal. Studentar som tek fleire modular, kan få kompetansegjevande utdanning på 5 vekttal, 10 vekttal, 20 vekttal eller 30 vekttals nivå. Modulane byggjer i hovudsak på kvarandre slik at studentar må ha gjennomført modul 1 før dei kan få vitnemål frå modul 2, osv.

Siste modul innanfor kvar 10-vekttalsgruppe får ein oppsummerande funksjon der det blir teke omsyn til at sluttføring av modulen samla sett gir deltakaren 10 vekttals kompetanse. Det er likevel ingenting i vegen for at modulane innanfor kvar 10-vekttalseining kan gjennomførast i eit parallelt

studieløp.

På nokre nivå er det lagt til rette for val mellom fleire modular.

 

Eit viktig siktemål i utdanninga ved HSH er i større grad enn før å ta i bruk informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT). For musikkfaget representerer dette ei spesiell utfordring.

 

Uansett kva for ein måte modulane er organiserte på, er det overordna siktemålet vera at særpreget i faget og kvaliteten i utdanninga må takast vare på. I musikkfaget gjer ein det best ved å fastsetja balansen i dei ulike modulane mellom undervisning ansikt til ansikt (ATA) og gjennom IKT ut frå ei slik overordna målsetjing.

Eit oversyn over modulane på ulike nivå ser slik ut:

 

Modulbasert utdanning i musikk på ulike nivå

 

NIVÅ

Rammeplan

MODULAR

 

5vekttal

(Musikk 1)

 

Modul 1 Grunnlaget

 

2 vt.

Modul 2 Samspelet

3 vt.

 

10 vekttal

(Musikk 2)

 

(Musikk F)

Modul 3a Fagarena I eller Modul 3b Virtuell fagarena I

Modul 4 Musikktorget

eller

 

Modul 5 Fordjuping

2 vt.

3 vt.

 

 

5 vt.

20 vekttal

(Musikk 3)

Modul 6 Eit utvida grunnlag

2 vt.

Modul 7 Musikkuttrykk

3 vt.

Modul 8a Fagarena II eller

Modul 8b Virtuell fagarena II

2 vt.

Modul 9 Perspektiv

3 vt.

30 vekttal

(Musikk 4)

 Modul 10 Særpreget

2 vt

Modul 11 Musikkuttrykk II

3 vt

Modul 12 Fagarena III

2 vt

Modul 13 Utsyn

3vt

 

 

Pensum, studieformer, godkjenning og eksamen

Pensum, studie og evalueringsformer er spesifisert i fagplanane. Pensum har ein obligatorisk del og ein sjølvvald del. Den obligatoriske delen er spesifisert for kvar 10 vekttalseining og vil blir spesifisert på modulnivå i semesterplanane. Den sjølvalde delen av pensum vil bli godkjent af musikkseksjonen etter ein bestemt prosedyre og bestemte kriterier som er spesifisert i semesterplanane. Video, lyttedøme, etc. kan også vera del av pensum.

Oppgåver som skal godkjennast er spesifisert i tilknytning til kvar modul. Det same gjeld retningslinjer for evaluering og eksamen.

Første 10 vt Andre 10 vt Tredje 10 vt