Fagplanane for første, andre og tredje 10-vekttaleiningane i musikk ved HSH
byggjer på rammeplanane i musikk for 4-årig faglærarutdanning i praktiske og
estetiske fag (FALU).
Rammeplanane for dei ulike 10-vekttaleiningane i musikk i FALU har felles
mål. Måla er å forstå som framtidige siktepunkt for alle som tek utdanninga
eller deler av denne. Det er viktig på alle nivå at ein som student er bevisst
på kva som er framtidige mål, og kor ein står i utviklinga mot desse.
Innhaldet i fagplanane byggjer på denne fagstrukturen, men HSH har valt å
organisera studiet på dei ulike
10-vekttalseiningane på ein måte som i sterkare grad syner progresjonen i
studiet.
10-vekttalseiningane er difor organiserte i modular på to og tre vekttal.
Organiseringa byggjer på prinsippa i
K 2000 Musikk; KUF sin rammeplan for modulbasert etter- og
vidareutdanning i musikkfaget.
Modulane byggjer i hovudsak på kvarandre. Siste modul innanfor kvar
10-vekttalsgruppe får ein oppsummerande funksjon, der det blir teke omsyn til
at sluttføring av modulen samla sett gir studenten
10-vekttalskompetanse.
Eit oversyn over modulane på ulike nivå ser ut som i tabellen under:
Pensum, studie- og evalueringsformer finn ein i fagplanane.
Pensum har ein obligatorisk del og ein sjølvvald del. Den obligatoriske
delen er synleggjort for kvar 10-vekttalseining og vil bli spesifisert på
modulnivå i semesterplanane. Den sjølvvalde delen av pensum vil bli
godkjent av musikkseksjonen etter ein bestemt prosedyre og bestemte
kriterier som ein vil finna i semesterplanane. Video, lyttedøme, etc. kan
også vera del av pensum.
Oppgåver som skal godkjennast, er spesifiserte i
tilknyting til kvar modul. Det same gjeld retningslinjer for evaluering og
eksamen.
Eit viktig siktemål i musikkutdanninga ved HSH er i
større grad enn før å ta i bruk informasjons- og
kommunikasjonsteknologi (IKT). For musikkfaget representerer dette ei
spesiell utfordring. Same kva for måtar undervisning og rettleiing er
organiserte på, er det overordna siktemålet at det kunstnarlege,
estetiske og didaktiske særpreget i faget og den heilskaplege kvaliteten
i utdanninga må takast vare på.
Eit anna viktig siktemål er at kvar einskild student får
realisera og vidareutvikla sin eigen kompetanse på ulike felt. I studiet
vil studentane bli sett på som ressurspersonar som kan medverka og
påverka, som kan laga og produsera og som kan vera synleg fagleg og
sosialt internt på høgskulen og i samfunnet elles. Dette gjeld også
arbeidet på dei virtuelle arenaane.