Kristendommen, den 10. landeplage? Innhaldsliste 1. Gamal vane er vond å venda 2 2. Levereglar 2 3. Gamle reglar 2 3.1 Ekteskapet 2 3.2 Barn 3 4. Medmenneske 3 5. Konklusjon 3 Innleiing Me lever i de 21. hundreåret, me kan finna ut kor lenge ein mann har vore død ved å skrapa i støvet etter han. Me er eit opplyst folk, som veit mykje om så mangt. Me har flydd gjennom skyene, og ingen englar har vinka til oss. Me har landa på månen, utan å møta Gud på vegen. Problemstilling Noreg er eit land som har kome svært langt i utviklinga, men ikkje når det kjem til religion! Me har ein gamal statsreligion, som er full av holer. Holer ikkje den mest fantasifulle predikant kan tetta, ikkje den mest ihuga prest. Me har for lengst slått hol på teorien om at Gud sit oppfor skyene og følgjer med på kva alle dei mange milliardar menneska på heile jorda gjer til ei kvar tid. Englane sit ikkje på skyene og spelar harpe. På same måte som me veit at det ikkje er Tor med hammaren som lagar torebrak. 1. Gamal vane er vond å venda Før i tida trudde folk på slikt, fordi dei ikkje visste betre. Men i det herrens år 2001 veit me betre. Biologien har vist oss at menneska er i slekt med apene, og sannsynlegvis stammar frå dei. Dette seier ikkje bibelen noko om. Den seier at to menneske, Adam og Eva fekk fire søner. Korleis førte dei då menneskeslekta vidare? Fekk sønene barn med mora si? Er ikkje det incest? 2. Levereglar Bibelen inneheld mykje bra, gode levereglar som at du ikkje skal stele, ikkje drepe, ikkje vere utro osb. Det er nok det bibelen er meint som, eit sett med levereglar. Skremme menneska til å oppføre seg på eit ærleg vis. Det er ikkje like skremmande dersom du seier at onkel politi set deg i fengsel dersom du drep, som at Gud sender deg til helvete der du må leve med djevelen. 3. Gamle reglar 3.1 Ekteskapet Me må ikkje gløyma at bibelen vart skriven for eit samfunn som var for fleire tusen år tilbake. Til dømes står det i bibelen at du ikkje skal ha sex før ekteskapet. Dette er gamaldags! Er du eit avskyeleg menneske om du bryt denne "regelen", er du mindre verdt? Kjem du til helvete? Fører ikkje dette til at mange unge kristne, med kroppen full av hormonar trør inn i ekteskapet alt for tidleg, for å unngå helvete? Så vert dei skilde fordi dei ikkje klarte å bu i lag, dei hadde jo ikkje prøvt det før… 3.2 Barn Bør me ikkje slutta å skremme barna våre med at dei kjem til helvete? Me veit jo at det verken er ein himmel eller eit helvete! 4. Medmenneske Menneska søkjer trøst og tilgjeving hos Gud, og til somme tider treng me det. Men kan me ikkje be om tilgjeving hos dei me har synda mot? Og søkje trøst hos våre nærmaste, som er glad i oss? 5. Konklusjon Det er på tide dei som kallar seg kristne kjem ned frå sin høge hest, og innser at dei er vanlege menneske som alle andre, og ikkje mykje betre. Ein kan ikkje måle menneska sin verdi etter kva dei trur på! Bibelen treng ei fornying. Slik at den passar inn i det samfunnet me lever i, og den kunnskap me sit inne med. Undersøkjing Menn Kvinner Stikkordsregister Kristendommen Ekteskap Synneve Oma 1FK