F1-kullet 2006/2007
Periode 2:

Leik - inntrykk og uttrykk

 
Leik i alle former er barnas uttrykksform. Barna treng inntrykk for at dei skal kunne vera kreative i leiken og for å ha noko å uttrykka. Inntrykka får barna gjennom sansing på alle plan. Barns glede gjennom å sansa, leika og uttrykka seg med kunstnarlege verkemiddel er viktig for deira utvikling av eit positivt sjølvbilete.   

OVERORDNA MÅL for perioden: Studentane skal få betre innsikt i omgrepa sansing, forteljing, meistring og sjølvbilete.
Sjå lenke til sitat frå Rammeplan for barnehagar.
 

Uke 39: PRAKSISFØREBUING - ALLE FAG
Før praksisperioden skal kvar student i basisgruppa velja ut og øva inn 2-3 forteljingar. Forteljingane skal veljast ut slik at dei også skal stimulera til fabulerande og skapande aktivitetar innan drama, forming og musikk.
Uke 40, 41 og 42: Utprøving i praksis

Planlegging og gjennomføring av tverrfaglege praksisoppgåver.

 

ü      Kvar student skal skaffa seg eit oversyn over etablerte forteljestader eller andre ’kulturstader’ i barnehagane, og tenkja ut nye kulturstasjonar i eller omkring barnehagen. Dette skal gjerast i samråd med personalet i barnehagen. Dette oppdraget inngår i kartlegginga av dei didaktiske føresetnadene. Basisgruppene vel ut ein stad frå kvar barnehage for å teikne ei skisse til den virtuelle kulturstien.

 

ü      Kvar student skal i sin praksisbarnehage etablera og prøva ut ei av dei innøvde forteljingane på ein forteljestasjon i Kulturstien.

 

ü      Kvar student skal observera/sjå etter korleis dei ulike faga kjem til uttrykk i barnehagen. Nytt dei daglege praksisforteljingane.

 

ü      Kvar student skal i løpet av praksisperioden prøva ut ein planlagd aktivitet i drama, forming og musikk. Utprøvinga skal vera med ei lita eller større barnegruppe, gjerne med dei minste barna på avdelinga.

Bruk FEMIA som didaktisk planleggingsverktøy.
Minner om at f
øresetnad for å planleggja ein slik aktivitet, er observasjonar der studenten har fått kunnskap om dei estetiske uttrykka i barnehagen, barns eigne sanseopplevingar (sjå også pedagogikkoppgåva) og generelt om barns utvikling.

Utprøvinga kan gjerast i tilknyting til ei av dei innøvde forteljingane.

Døme på slike aktivitetar kan vera:
- dramafaglege døme: leika noko i forteljinga, dramatisera noko, gå inn i ei rolle, mima ein aktivitet, stå i tablå, sei ein replikk, rolleintervju m.m.

- musikkfaglege døme: laga lydar til stemninga i forteljinga, syngja ein song som høver, laga ein song til ein av personane/dyra, laga ei regle, leika med ordrytmar i forteljinga

- formingsfaglege døme: bearbeida opplevingane til 2 - eller 3 - dimensjonale formingsuttrykk i teknikkar og materiale som t.d. teikning, maling, modellering og konstruksjonar.

    

     I desse aktivitetane kan faga gå i kvarandre og studentane vert oppfordra til å sjå utprøvingane i eit slikt tverrfagleg perspektiv.

 

ü     Kvar student skriv ei evaluering/ein rapport etter kvar utprøving. Denne skal leverast til øvingslærar og skal inngå i praksispermen.


 

Uke 43: Bearbeiding av erfaringar frå praksis i form av både eige gruppearbeid, presentasjon og refleksjonsnotat.  

Dei to delane av presentasjonen:

Del 1:
Basisgruppa syner gjennom variert presentasjon ein samanfatning av dei faglege oppgåvene.
Del 2: Basisgruppa presenterer ei
førebels skisse over korleis kulturstien kan utviklast vidare.

Refleksjonsnotat
Gruppa skal dela dei faglege erfaringane sine frå praksis med medstudentar. Notatet skal vere på minst 2 sider og leggjast ut på FRONTER i periodemappa.
 

Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag
Kl. 08.30 - 15.15.
Sjølvstendig arbeid i basisgruppene- førebu presentasjonen.
Kl. 08.30 - 12.30.
Sjølvstendig arbeid i basisgruppene- førebu presentasjonen.

Kl. 12.30 - 15.15.
Presentasjon i felles kull.

Rom: UND 104 (lille aud).
 

 

Kl. 08.30 - 12.15.
Presentasjon i felles kull.

Rom: UND 104

 
Valfritt:
Workshop saman med F3.
Rom: UND 102: øving på Power Point Presentasjon.
Kl. 08.30 - 11.15. Musikk.

Kl. 11.30 - 14.15. Norsk.
Rom: Musikk
                             Raudt = obligatorisk

 
Det er godt for alle å få konstruktive tilbakemeldingar på presentasjonane.
Her er nokre hjelpespørsmål til formuleringar av kommentarar:
* Korleis har gruppa løyst oppgåva i praksis?
* Korleis trer faget fram?
* Korleis har gruppa presentert det dei har gjort? Var det lærerikt? Engasjerande framstilling?
* Korleis virka det som om barna hadde det i situasjonane? Studentane?
* Kva med Kulturstien? Oversikteleg? Spennande? Nye postar?
       
  Siste endring var gjort av MJ, 18.10.2006