Last ned blanketten
Blanketten i pdf-format
For å kunne bruke blankettane treng du Adobe Acrobat programvare. Har du ikkje denne programvara eller anna programvare som kan lese filer i PDF-formatet frå før, må du først laste ned og installere programvara. Acrobat Reader får du gratis frå Adobe. Programvara er tilgjengeleg for forskjellige plattformer og kjem også som plug-in-modul, blant anna for Netscape og MS Internet Explorer.
NB! Dersom du bruker Acrobat Reader versjon 5, må du passe på at det ikkje er kryssa av i ruta for "Comments" i utskriftsvindauget når du skriv ut blanketten. (I versjon 4 heiter dette valet "Annotations".) Ut for kvart felt på blanketten står dei små "gule lappane" med rettleiing. "Lappane" er meinte som hjelp under utfylling av blanketten og skal ikkje vere med på utskrifta. Det blir dei dersom det er kryssa av for "Comments" ("Annotations") ved utskrift.
Meir informasjon om utskriftsproblem i Windows og på Mac finn du på Adobe sine sider.
Blanketten i MS Word-format
For å bruke blankettane må du ha MS Word, Word Viewer eller eit anna program som kan vise denne filtypen.
Word Viewer kan du laste
ned gratis. Etter at du har lasta ned programvara, må
ho installerast på maskina di.
Blankettane inneheld makroar. Makroar blir nytta til for
eksempel moduluskontroll av organisasjonsnummer og til summering
av felt. Når du hentar blanketten kan Word spørje
om du vil aktivere makroen. For at blanketten skal fungere
må du aktivere makroen.
Vi tilrår at du lagrar blanketten på maskina
di og så opnar han i MS Word eller tilsvarande i staden
for å opne han i nettlesaren. (I Internet Explorer på
PC gjer du det for eksempel ved å velje "Lagre
som..." frå "Fil"-menyen når du
har fått opp blanketten i nettlesaren.)
|