Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Samordna registermelding

Bokmål

Rettleiing til fellesblankett for registrering i Partiregisteret

Du skal skrive partiet sitt namn i felt 1.1. Med partiet sitt namn meinest det partinamnet som går fram av partiet sine vedtekter.

Du må krysse av i felt 2.1, dersom eininga tidlegare ikkje er registrert.

Du må krysse av for "Ja" eller "Nei" for kvart enkelt punkt i felt 3 i blanketten.

Felt 4 i blanketten, adressa til hovudkontoret, må du fylle ut. Felt 5 må du fylle ut dersom postadressa er forskjellig frå det som er gitt opp i felt 4. Felt 6 må du fylle ut dersom verksemda er på ein annan stad enn det som er gitt opp i felt 4.

Du må alltid fylle ut opplysningar om innsendaren (felt 7).

Riktig organisasjonsform i felt 8 i blanketten vil oftast vere foreining/lag/innretning. Det enkelte partiet må likevel sjølv vurdere om denne organisasjonsforma er korrekt i deira høve.

I felt 9a må du gi opp dato for stifting av partiet.

I felt 11, verksemd/bransje, bør du nytte formuleringa "partipolitisk organisasjon". Dersom partiet i tillegg driv anna verksemd, skal også denne verksemda forklarast.

Dagleg leiar, forretningsførar eller tilsvarande kontaktperson skal du skrive i felt 12. Dette må vere ein fysisk person, og du må skrive inn fullt namn, adresse og fødselsnummer (11 siffer).

Du må krysse av for eitt av alternativa i felta 13 og 14.

I felt 20 skriv du inn opplysninger om partiet sitt styre. Styret er partiet sitt høgste organ mellom årsmøta. Dette vil ikkje nødvendigvis vere identisk med partiet sitt utøvande organ etter vallova. Hugs å gi opp fullt namn, adresse og fødselsnummer for alle rolleinnehavarar. Kryss av for riktige roller i alternativa til høgre. Opplysningar om partiet sitt utøvande organ blir melde i eige vedlegg, sjå vedleggskrava.

Du gir opplysningar om signaturavgjerd i felt 21.

Du gir opplysningar om eventuelle prokuristar i felt 22.

Revisor og regnskapsførar (feltene 23 og 24) skal og kan kun meldast etter nærare bestemte vilkår. Eventuell revisor som blir meld, må vere godkjend av Kredittilsynet og registrert i Revisorregisteret. Eventuell rekneskapsførar som blir meld, må vere autorisert av Kredittilsynet.

I felt 28 i blanketten må du gi følgjande opplysning: "Eininga skal registrerast i Partiregisteret". Du må også melde særskild kva partinamn som skal registrerast i Partiregisteret.

Dato og underskrift skal stå i felt 29. Den som er meld som kontaktperson eller tilsvarande i felt12 i blanketten, skal skrive under på meldinga.

Meldinga skal sendast til Partiregisteret, 8910 BRØNNØYSUND

Spørsmål om utfylling av registreringsmelding kan rettast til Opplysningstelefonen på telefonnummer 75 00 75 00.
 

 

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene, 8910 Brønnøysund · Telefon: 75 00 75 00 · firmapost@brreg.no · Organisasjonsnummer: 974 760 673