Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Reiseruter og hotell i Brønnøysund

Bokmål

Skal du reise til Brønnøysund, er det mange måtar å komme seg hit på.

Brønnøysund har eigen flyplass og fleire daglege avgangar med Widerøe til Trondheim med korrespondanse til Oslo og Vestlandet, og til Bodø med korrespondanse vidare i Nord-Noreg.

Reiser du med tog, må du reise til Grong eller Mosjøen. Det er korrespondanse vidare med buss til Brønnøysund.

Hurtigruta er eit anna alternativ. Den har daglege stopp i Brønnøysund. Nordgåande hurtigrute kjem kl. 00.30 med avgang kl. 01.00, og sørgåande kjem kl.16.00 med avgang kl.17.00.

Kjører du bil, kan du kjøre den vakre Kystriksveien, RV 17, som går frå Steinkjer til Bodø. Ønskjer du eit fergefritt samband, kan du kjøre E6 til Svenningdal i Grane kommune, og ta av på RV 76, Tosenvegen, som går til Brønnøysund. Tosenvegen går gjennom eit vilt og vakkert landskap, frå høgfjell til hav.

Brønnøysund har fleire hotell og overnattingsstader. Brønnøysundregistra sitt samarbeidshotell er Torghatten Hotell.

Under finn du ei rekkje lekkjer til hotell og til reiseselskap der du kan bestille reisa di til Brønnøysund.

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene, 8910 Brønnøysund · Telefon: 75 00 75 00 · firmapost@brreg.no · Organisasjonsnummer: 974 760 673