Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Lita skjemaforenkling som kan spare tid

Bokmål

Kravet om stadfesting av underskrift har falle bort, og snart vil feltet bli fjerna frå registreringsblankettane.

(18.02.2002) Frå 1. januar i år er det ikkje lenger nødvendig å få underskrifta di stadfesta når du skal melde registrering eller endring til Føretaksregisteret. Dette er ei lita forenkling ved utfyllinga av blanketten, som likevel kan føre til at langt færre meldingar blir sende tilbake til dei næringsdrivande og på den måten seinkar registreringsprosessen.

– Det var ei lovendring av 21. desember 2001 som slo fast at kravet i Føretaksregisterlova om stadfesting av underskrifter skulle opphevast frå og med 1. januar 2002. Dermed slepp du å skaffe ein advokat, advokatfullmektig eller to myndige personar til å stadfeste at det er nett du som har signert blanketten. Det fortel underdirektør Jostein Dyrkorn ved Føretaksregisteret.

Blir teke ut av blanketten

Forenklinga gjeld både «Samordna registermelding» (Hovudblanketten) og «Forenkla registermelding» (Blankett for enkeltmannsføretak). Utfyllingsfeltet med krav om stadfesting av underskrifta vil etter kvart bli fjerna frå både papirblankettane og Internettversjonane. I mellomtida kan vi berre gle oss over å sleppe å fylle det ut.

Fort gjort å gløyme

– Ved utfylling av registermeldingar er det ofte så enkle ting som underskrifter folk gløymer å få med. Derfor kan denne vesle forenklinga faktisk vere med på å redusere talet på meldingar som blir sende attende til brukarane med krav om fleire opplysningar. No kan altså både den næringsdrivande og saksbehandlarane ved Brønnøysundregistra gle seg over eit lite grep som kan gjere skjemajobben enklare for alle partar, avsluttar Dyrkorn.














Nyhetsarkiv

•

Nytt produkt via EBR

•

Ny næringsstandard

•

Frister for registrering av meldinger før årsskiftet

•

Kurs i bruk av Altinn og Brønnøysundregistrene

•

Datatyveri hos teleoperatør

•

Frivillighetsregister lagt til Brønnøysundregistrene


•

Enklere betaling med VISA eller MasterCard

•

På tokt med elektronisk registrering

•

Utsatt frist for årsregnskap levert gjennom Altinn

•

Orientering om endringer i aksjelovgivningen og foretaksregisterloven

•

Kurs i informasjonssøk

•

Jegeravgiftskort for 2007/2008 er på vei

•

Felles produkt fra to registre

•

Rapporter fangsten elektronisk

•

Kurs – Foretaksregistrering fusjon/fisjon

•

Seminar om elektronisk innrapportering

•

Kurs – Foretaksregistrering fusjon/fisjon

•

Nye skjemaversjoner fra Regnskapsregisteret

•

Internasjonal utveksling av foretaksinformasjon

•

NAV etat nummer 20 i Altinn-samarbeidet

•

Ny elektronisk løsning gir enklere jobbhverdag

•

Populære kurs kommer igjen

•

Økende popularitet for EBR

•

Lanserer samordnet registermelding i Altinn

•

70 prosent auke i nyregistrerte aksjeselskap

 

 

Flere saker

Brønnøysundregistrene, 8910 Brønnøysund · Telefon: 75 00 75 00 · firmapost@brreg.no · Organisasjonsnummer: 974 760 673