Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Registrering av føretak og elektronisk innsending

Bokmål

Under haustkurset i registrering av føretak ved Brønnøysundregistra vil vi også presentere den kommande løysinga for elektronisk registrering. Det seier leiaren for rådgjevarstaben i næringsavdelinga, Sverre Hovland, og kursansvarleg Signar Slåttøy.

(14.08.2002) Den siste tilveksten til Brønnøysundregistra sin kursmeny er «Registrering av føretak, tinglysing av hefte og økonomisikring». I september blir dette kurset arrangert over to dagar, inkludert siste nytt om elektronisk innsending av registermeldinga.

Brønnøysundregistra sitt kurssenter har ein rikhaldig kursmeny som dekkjer aktuelle tema for ei rekkje brukargrupper. Kurset i registrering av føretak har vist seg å vere eit veldig populært tilbod med stor nytteverdi. Men det går også an å bestille spesiallaga kurs for eigen bransje eller bedrift. Kursansvarleg Signar Slåttøy og staben hans har sett opp kursmenyen for hausten ut frå tidlegare erfaringar med kurstypar og lokalisering. Kurssenteret nyttar nokre av Brønnøysundregistra sine mest erfarne fagfolk som førelesarar.

Eit breitt tilbod

I haust blir det halde kurs i registrering av føretak i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Kurset har tre trinn som delvis byggjer på kvarandre. Trinn 3 blir berre avvikla i Oslo. I tillegg blir det i Brønnøysund arrangert eit kurs over to dagar i registrering av føretak, tinglysing av hefte og økonomisikring, mens Svensk aksjeselskapsrett er tema for eit kurs i Oslo. Dessutan er det mogeleg å bestille skreddarsydde kurs ut frå eigne behov.

Lydhøre kursdesignarar

Erfaringar frå tidlegare kurs dannar grunnlaget for endringar og påfyll.
– Vi lyttar til kursdeltakarane og prøver å gi eit best mogeleg tilbod ut frå deira signal, seier Signar Slåttøy. – Derfor er det viktig å ha ei skikkeleg evaluering etter kvart kurs, legg han til.

Fornøgd deltakar

Geir H. Knutsen er prosjektleiar i Regionalt etablerings- og nyskapingssenter (RENN), som dekkjer åtte kommunar på Nordmøre. Han er dermed ein viktig støttespelar for etablerarar i distriktet sitt. I fjor haust var han ein av deltakarane på kurset «Føretaksregistrering, tinglysing av hefte og økonomisikring» i Brønnøysund.

Som regional fødselshjelpar for etablerarar på Nordmøre har Geir H. Knutsen frå Kristiansund funne eit kurs som er midt i blinken for rettleiarar på dette feltet. Han meiner Brønnøysundregistra sitt kurssenter har eit stort potensial i denne brukargruppa.

Bruker sjølv registra

Knutsen var frå før ein flittig brukar av Brønnøysundfaksen, blant anna for å hente ut informasjon om føretak og årsrekneskap som han treng i førebuinga av finansieringssøknader til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond og kommunale næringsfond.

Nyttig for rettleiarar

– Eg tenkte umiddelbart på alle tiltaksarbeidarane rundt om i kommunane, og ønskte at dei skulle hatt høvet til å følgje eit slikt kurs. Det same gjeld alle som driv rettleiing/rådgjeving til etablerarar, seier Knutsen.

Utømmeleg kjelde

– På kurset fekk eg mykje nyttig informasjon og ikkje minst blei aktuelle problemstillingar i det daglege arbeidet mitt klargjorde. Det er fint at Brønnøysundregistra gjennom kurstilbodet sitt kan formidle det mangfaldet av tenester som eg trur er ukjent for tiltaks- og verkemiddelapparatet. Kurset held høg standard – noko som blir stadfesta ved at det blant anna er godkjent som del av etterutdanninga for rekneskapsførarar. At ein bruker fleire foredragshaldarar som er spesialistar på fagfelta sine hjelper også til å heve kvaliteten, avsluttar Geir H. Knutsen

Meir om kurs

Nyhetsarkiv

•

Nytt produkt via EBR

•

Ny næringsstandard

•

Frister for registrering av meldinger før årsskiftet

•

Kurs i bruk av Altinn og Brønnøysundregistrene

•

Datatyveri hos teleoperatør

•

Frivillighetsregister lagt til Brønnøysundregistrene


•

Enklere betaling med VISA eller MasterCard

•

På tokt med elektronisk registrering

•

Utsatt frist for årsregnskap levert gjennom Altinn

•

Orientering om endringer i aksjelovgivningen og foretaksregisterloven

•

Kurs i informasjonssøk

•

Jegeravgiftskort for 2007/2008 er på vei

•

Felles produkt fra to registre

•

Rapporter fangsten elektronisk

•

Kurs – Foretaksregistrering fusjon/fisjon

•

Seminar om elektronisk innrapportering

•

Kurs – Foretaksregistrering fusjon/fisjon

•

Nye skjemaversjoner fra Regnskapsregisteret

•

Internasjonal utveksling av foretaksinformasjon

•

NAV etat nummer 20 i Altinn-samarbeidet

•

Ny elektronisk løsning gir enklere jobbhverdag

•

Populære kurs kommer igjen

•

Økende popularitet for EBR

•

Lanserer samordnet registermelding i Altinn

•

70 prosent auke i nyregistrerte aksjeselskap

 

 

Flere saker

Brønnøysundregistrene, 8910 Brønnøysund · Telefon: 75 00 75 00 · firmapost@brreg.no · Organisasjonsnummer: 974 760 673