Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Best i OECD-området

Bokmål

(06.11.2002) Ein fersk rapport frå OECD som tek for seg dei einskilde landa sine måtar å løyse forvaltningsoppgåvene på, bruker nemninga «best practice» om Brønnøysundregistra. Rapporten framhevar spesielt Einingsregisteret og Oppgåveregisteret som gode reiskapar for samordning og gjenbruk, og at registra speler ei nøkkelrolle i arbeidet med å måle og redusere næringslivet si innrapporteringsbyrde.

Brønnøysundregistra har fått status som fyrtårn innan samordning og gjenbruk i offentleg sektor.

Kamp mot byråkratiet

OECD, organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, er eit samarbeidsforum kor industriland frå heile verda drøfter saker av felles interesse, med mest vekt på det som gjeld økonomi og handel.
Organisasjonen har i lengre tid jobba med tiltak som kan redusere administrative byrder. Eit breitt program om reguleringsreformer som starta i 1995, har i tur og orden vurdert kor langt dei einskilde medlemslanda er komne på dette området. På denne måten kan landa vurdere kor langt reformarbeidet er kome samanlikna med dei andre. I tillegg til vurderinga gir OECD også tilrådingar om nye tiltak og forbetringar.

Ros for forenkling

Som det 18. landet i rekkja har no Noreg blitt vurdert. Rapporten slår fast at Noreg er kome langt, ikkje minst på grunn av dei nemnde registerløysingane. Blant mange positive tiltak får etatane sitt samarbeid om førebuing av elektronisk innrapportering ei stjerne i margen. Dette er eitt av elementa i handlingsplanen «Eit enklare Noreg».

Vil bli enda betre

Direktør Erik Fossum er ikkje overraska over OECD sin konklusjon.
– Vi har lenge visst at vi har det mest avanserte systemet på dette området, men det er sjølvsagt hyggjeleg at resten av verda blir gjord kjend med det på denne måten. Nærings- og handelsdepartementet har sagt seg svært godt fornøgd med rapporten, som gjer at vi haustar ekstra velvilje derifrå.
Men sjølv om vi med det vi no har i drift blir vurdert som best, er vi langt frå i mål. Store utfordringar ventar oss framover – ikkje minst i Oppgåveregisteret og Einingsregisteret – ved overgang til elektronisk forvaltning, seier Fossum.

 

Nyhetsarkiv

•

Nytt produkt via EBR

•

Ny næringsstandard

•

Frister for registrering av meldinger før årsskiftet

•

Kurs i bruk av Altinn og Brønnøysundregistrene

•

Datatyveri hos teleoperatør

•

Frivillighetsregister lagt til Brønnøysundregistrene


•

Enklere betaling med VISA eller MasterCard

•

På tokt med elektronisk registrering

•

Utsatt frist for årsregnskap levert gjennom Altinn

•

Orientering om endringer i aksjelovgivningen og foretaksregisterloven

•

Kurs i informasjonssøk

•

Jegeravgiftskort for 2007/2008 er på vei

•

Felles produkt fra to registre

•

Rapporter fangsten elektronisk

•

Kurs – Foretaksregistrering fusjon/fisjon

•

Seminar om elektronisk innrapportering

•

Kurs – Foretaksregistrering fusjon/fisjon

•

Nye skjemaversjoner fra Regnskapsregisteret

•

Internasjonal utveksling av foretaksinformasjon

•

NAV etat nummer 20 i Altinn-samarbeidet

•

Ny elektronisk løsning gir enklere jobbhverdag

•

Populære kurs kommer igjen

•

Økende popularitet for EBR

•

Lanserer samordnet registermelding i Altinn

•

70 prosent auke i nyregistrerte aksjeselskap

 

 

Flere saker

Brønnøysundregistrene, 8910 Brønnøysund · Telefon: 75 00 75 00 · firmapost@brreg.no · Organisasjonsnummer: 974 760 673