Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Web Services gir enklare tilgang og betre samspel

Bokmål

(11.12.2002) Brønnøysundregistra ser store fordelar i Web Services, som er ein teknologi for utveksling av data mellom datasystem. Teknologien gjer det mogeleg å integrere datasystem på ulike teknologiplattformer, både innan eigen organisasjon og mellom forskjellige organisasjonar.

Ved å byggje eit grensesnitt som er basert på Web Services rundt datasystema våre, vil vi oppnå ein tettare integrasjon mellom systema våre og eit meir heilskapleg IT-konsept for Brønnøysundregistra. Eit slikt grensesnitt vil gi eksterne samarbeidspartnerar høve til å integrere sine eigne system med Brønnøysundregistra sine via Internett, og på den måten skaffe seg enklare tilgang til grunndata. Det vil sikre mykje større gjenbruk av grunndata og meir effektivt samspel mellom datasystema i forvaltninga.

Ein første prøve

Brønnøysundregistra arbeider no med å tilretteleggje ei løysing der offentlege styresmakter skal få tilgang til grunndata frå Einingsregisteret via Web Services. Utviklinga vil gå i etappar. Den første løysinga vil vere klar tidleg i 2003. Ho skal først og fremst vise at det fungerer og vere ein demonstrasjon for interesserte samarbeidspartnerar.

Mykje å spare

Teknologien fungerer uavhengig av maskinvare og leverandør, og vil gi store gevinstar i form av spart tid, lågare kostnader og sikrare informasjon. Det vil både det offentlege og næringslivet dra nytte av.

Bidrag til «eit enklare Noreg»

– Vi ventar oss mykje av Web Services som forenklingsverktøy både for etatane og brukarane, seier avdelingsdirektør Geir Ebbesen ved Brønnøysundregistra si opplysningsavdeling.
– Dette vil verkeleg vere eit viktig bidrag på vegen mot «eit enklare Noreg», legg han til.

Fakta om Web Services

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nyhetsarkiv

•

Nytt produkt via EBR

•

Ny næringsstandard

•

Frister for registrering av meldinger før årsskiftet

•

Kurs i bruk av Altinn og Brønnøysundregistrene

•

Datatyveri hos teleoperatør

•

Frivillighetsregister lagt til Brønnøysundregistrene


•

Enklere betaling med VISA eller MasterCard

•

På tokt med elektronisk registrering

•

Utsatt frist for årsregnskap levert gjennom Altinn

•

Orientering om endringer i aksjelovgivningen og foretaksregisterloven

•

Kurs i informasjonssøk

•

Jegeravgiftskort for 2007/2008 er på vei

•

Felles produkt fra to registre

•

Rapporter fangsten elektronisk

•

Kurs – Foretaksregistrering fusjon/fisjon

•

Seminar om elektronisk innrapportering

•

Kurs – Foretaksregistrering fusjon/fisjon

•

Nye skjemaversjoner fra Regnskapsregisteret

•

Internasjonal utveksling av foretaksinformasjon

•

NAV etat nummer 20 i Altinn-samarbeidet

•

Ny elektronisk løsning gir enklere jobbhverdag

•

Populære kurs kommer igjen

•

Økende popularitet for EBR

•

Lanserer samordnet registermelding i Altinn

•

70 prosent auke i nyregistrerte aksjeselskap

 

 

Flere saker

Brønnøysundregistrene, 8910 Brønnøysund · Telefon: 75 00 75 00 · firmapost@brreg.no · Organisasjonsnummer: 974 760 673