(11.04.2003) I dag
går det ut varselbrev frå Rekneskapsregisteret i
Brønnøysund til tingrettane over heile landet.
Tingrettane må no ta stilling til tvangsoppløysing
av 563 aksjeselskap som ikkje har sendt inn årsrekneskap
for 2001 til Rekneskapsregisteret då siste fristen gjekk
ut, 2. april.
- Dei aller fleste selskapa er pliktoppfyllande og gjer det
dei skal. Det må vi kunne seie oss godt fornøgde
med, sjølv om det aldri er hyggjeleg å sende
nokre hundre selskap til tingretten for brot på rekneskapslova,
seier leiar for Rekneskapsregisteret, Hilde Majala.
Fristen for å sende inn årsrekneskapen for 2001
gjekk ut 1. august i fjor. Pr. 1. mars i år mangla framleis
1074 årsrekneskapar frå innsendingspliktige aksjeselskap.
Rekneskapsregisteret sette 2. april som ein absolutt siste
frist for desse selskapa til å rydje opp. Då fristen
gjekk ut, mangla framleis årsrekneskapane frå
563 aksjeselskap.
Les
pressemelding
|