Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Får ansvar for offentleg skjemaportal

Bokmål

(03.12.2003) - Altinn gir Brønnøysundregistra ei kjempeutfordring og eit godt høve til framleis positiv utvikling. Det seier direktør Erik Fossum i ein kommentar til at Regjeringa har lagt forvaltninga av den statlege skjemaportalen til Brønnøysundregistra.

Regjeringa har bestemt at Brønnøysundregistra skal overta forvaltninga og leie vidareutviklinga av Altinn frå mai neste år. Altinn er regjeringa si store satsing for å få ein felles kanal for elektronisk innrapportering til det offentlege. I forslaget til statsbudsjett foreslår regjeringa at Brønnøysundregistra får vel 23 millionar kroner til forvaltninga av Altinn.

Altinn blir ei eiga avdeling med lokale sentralt i Storgata i Brønnøysund, nokre hundre meter frå resten av Brønnøysundregistra.

- Gjennom Altinn får vi ein sentral posisjon ved gjennomføringa av elektronisk forvaltning i Noreg. Det er det viktigaste tiltaket i samband med målsetjinga til regjeringa om at alle offentlege etatar innan utgangen av 2004 skal kunne motta elektroniske innrapporteringar frå næringslivet. Målet er at det skal bli enklare og billigare å rapportere, samtidig som styresmaktene skal få data av høg kvalitet, fortset Fossum.

Trur på suksess

Altinn starta som eit samarbeidsprosjekt mellom Skattedirektoratet, Statistisk Sentralbyrå og Brønnøysundregistra. Etter kvart har også Statens lånekasse valt å satse på Altinn, mens fleire andre etatar er i ferd med å knyte seg til den digitale innrapporteringskanalen. Direktøren for Brønnøysundregistra har stor tru på at Altinn blir ein suksess.

- Allereie i utgangspunktet vil dei om lag 80 skjema som er med i Altinn representere rundt 60 prosent av rapporteringsbyrden frå næringslivet. Det betyr at eit viktig suksesskriterium langt på veg er oppfylt allereie frå starten av, nemleg at Altinn skal bli den føretrekte rapporteringskanalen til det offentlege. Men skal vi nå målet med å få med dei resterande 40 prosentane, og i tillegg tilby andre tenester som for eksempel personleg sjølvmelding, har Brønnøysundregistra ein stor jobb å gjere.

Gode føresetnader

Altinn vil bli organisert som ei eiga avdeling i Brønnøysundregistra. I første omgang er det kunngjort 8 stillingar, med høve for å utvide staben etter kvart. Erik Fossum meiner regjeringa hadde fleire gode grunnar for å leggje Altinn-administrasjonen til Brønnøysund.

- Eit av hovudmåla våre er samordning og forenkling for næringslivet. Vi sit allereie på dei viktigaste verktya for dette gjennom Einingsregisteret og Oppgåveregisteret. Også Altinn handlar om samordning, forenkling og effektivisering. Altinn passar derfor svært godt inn i profilen til Brønnøysundregistra. Dessutan har vi allereie god kontakt med dei fleste aktuelle etatane. Med andre ord har vi alle føresetnader for å lukkast - men det krev mykje hardt arbeid framover, understrekar Fossum.



Nyhetsarkiv

•

Nytt produkt via EBR

•

Ny næringsstandard

•

Frister for registrering av meldinger før årsskiftet

•

Kurs i bruk av Altinn og Brønnøysundregistrene

•

Datatyveri hos teleoperatør

•

Frivillighetsregister lagt til Brønnøysundregistrene


•

Enklere betaling med VISA eller MasterCard

•

På tokt med elektronisk registrering

•

Utsatt frist for årsregnskap levert gjennom Altinn

•

Orientering om endringer i aksjelovgivningen og foretaksregisterloven

•

Kurs i informasjonssøk

•

Jegeravgiftskort for 2007/2008 er på vei

•

Felles produkt fra to registre

•

Rapporter fangsten elektronisk

•

Kurs – Foretaksregistrering fusjon/fisjon

•

Seminar om elektronisk innrapportering

•

Kurs – Foretaksregistrering fusjon/fisjon

•

Nye skjemaversjoner fra Regnskapsregisteret

•

Internasjonal utveksling av foretaksinformasjon

•

NAV etat nummer 20 i Altinn-samarbeidet

•

Ny elektronisk løsning gir enklere jobbhverdag

•

Populære kurs kommer igjen

•

Økende popularitet for EBR

•

Lanserer samordnet registermelding i Altinn

•

70 prosent auke i nyregistrerte aksjeselskap

 

 

Flere saker

Brønnøysundregistrene, 8910 Brønnøysund · Telefon: 75 00 75 00 · firmapost@brreg.no · Organisasjonsnummer: 974 760 673