Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Eige register for utøvarar av alternativ behandling

Bokmål

(05.07.2004) No kan utøvarar av alternativ behandling registrere seg i eit eige register i Brønnøysund.
Den frivillige ordninga skal vere med på å ivareta pasientvern og forbrukarrettar for den som oppsøkjer ein registrert alternativ behandlar.

- Dette registeret gir ei fin oversikt i jungelen av utøvarar av alternativ behandling, seier avdelingsdirektør i Helsedepartementet, Elisabeth Salvesen.

Frivillig

Registeret er frivillig og det finst dermed ingen krav om at den einskilde utøvaren må registrere seg for å praktisere alternativ behandling.
- Å vere registrert som alternativ behandlar inneheld ikkje ei offentleg godkjenning av slike verksemder, påpeikar avdelingsdirektør Eirik Kristiansen ved Brønnøysundregistra.
- Registreringa inneber at forbrukarane kan vere tryggje på at utøvaren er medlem av ein godkjend utøvarorganisasjon, at dei er forsikra og at dei har ei verksemd som er registrert i Einingsregisteret.

Kven kan registrere seg?

Den einskilde utøvaren må ha ein fagleg bakgrunn som er i samsvar med den einskilde utøvarorganisasjonen. Etter søknad kan Sosial- og helsedirektoratet godkjenne utøvarorganisasjonar for registrering. Utøvaren forpliktar seg dermed til å drive forsvarleg verksemd. Elisabeth Salvesen i Helsedepartementet trur at denne ordninga skal bidra til auka seriøsitet og til foretningsmessig ordna forhold.

Markering av ordna forhold

Salvesen håper at registerordninga også vil føre til ei auka bevisstgjering blant utøvarane. Ho synest det å registrere seg er ei grei markering av ordna forhold.
- Formålet med registreringa er å skilje mellom dei seriøse og dei useriøse alternative behandlarane. Samtidig håper eg at det ikkje blir eit stort skilje mellom dei som vel å registrere eller ikkje. Det kan vere mange årsaker til at utøvarane vel å ikkje registrere seg, og dei kan vere fullt ut like seriøse.

Konkurransefordel

Avdelingsdirektør Eirik Kristiansen trur at mange utøvarar kjem til å registrere seg. Han meiner det vil vere ein konkurransefordel å vere registrert, men påpeiker at mykje er avhengig av publikum.
- Det er forbrukarane som er siktemålet, og det kjem an på om dei synest denne registerordninga er formålstenleg, avsluttar Kristiansen.

Les pressemelding

 

















Nyhetsarkiv

•

Nytt produkt via EBR

•

Ny næringsstandard

•

Frister for registrering av meldinger før årsskiftet

•

Kurs i bruk av Altinn og Brønnøysundregistrene

•

Datatyveri hos teleoperatør

•

Frivillighetsregister lagt til Brønnøysundregistrene


•

Enklere betaling med VISA eller MasterCard

•

På tokt med elektronisk registrering

•

Utsatt frist for årsregnskap levert gjennom Altinn

•

Orientering om endringer i aksjelovgivningen og foretaksregisterloven

•

Kurs i informasjonssøk

•

Jegeravgiftskort for 2007/2008 er på vei

•

Felles produkt fra to registre

•

Rapporter fangsten elektronisk

•

Kurs – Foretaksregistrering fusjon/fisjon

•

Seminar om elektronisk innrapportering

•

Kurs – Foretaksregistrering fusjon/fisjon

•

Nye skjemaversjoner fra Regnskapsregisteret

•

Internasjonal utveksling av foretaksinformasjon

•

NAV etat nummer 20 i Altinn-samarbeidet

•

Ny elektronisk løsning gir enklere jobbhverdag

•

Populære kurs kommer igjen

•

Økende popularitet for EBR

•

Lanserer samordnet registermelding i Altinn

•

70 prosent auke i nyregistrerte aksjeselskap

 

 

Flere saker

Brønnøysundregistrene, 8910 Brønnøysund · Telefon: 75 00 75 00 · firmapost@brreg.no · Organisasjonsnummer: 974 760 673