(06.07.2004) No vil det bli lettare å finne fram
på Brønnøysundveven. Vi har nyleg lagt
ut ein indeks, og ved å slå opp i indeksen, vil
du som brukar kunne leite deg alfabetisk fram etter ordet
eller omgrepet du er på utkikk etter, og kome rett inn
på den aktuelle staden på Brønnøysundveven.
Indeksen finn du ved å klikke på ikonet indeks
a-å som ligg øvst i høgre hjørne
på heimesida vår. Ikonet vil liggje på denne
staden same kvar du er på Brønnøysundveven.
For å flytte deg i indeksen kan du klikke på den
bokstaven som er fyrst i det ordet du vil søkje på,
eller du kan bruke heisen til høgre i vindauget for
å flytte deg opp eller ned i indeksen.
Indeksen tek utgangspunkt i sidene som ligg på Brønnøysundveven
i dag og nettstaden SpørOSS (www.spor-oss.no).
Den vil bli ajourførd fortløpande når
det blir gjort endringar på dei to nettstadene, og når
nye sider blir lagd til eller blir teke ut.
For at indeksen skal bli mest mogeleg brukarvenleg, er det
viktig at vi får tilbakemelding frå deg som bruker
av indeksen. Dersom du meiner det er ord eller uttrykk som
manglar, kan du gi melding om dette til firmapost@brreg.no.
Det same gjeld ved eventuelle tilbakemeldingar om kor brukarvenleg
tenesta er og liknande. Brønnøysundregistra
vil så vurdere alle forslaga som kjem inn, og gjere
nødvendige endringar.
|