 |
|
Rådgivar Roy Horn har leia Brønnøysundregistra
sitt rekneskapsdatabaseprosjekt.
|
(01.10.2004) Brønnøysundregistra har samla
rekneskapstal i ein komplett rekneskapsdatabase. I dag kan
du via Brønnøysundregistra si heimeside (nettbutikk)
bestille dei delrapportane som er sende inn elektronisk. I
løpet av hausten skal også delrapportane frå
årsrekneskapane som er komne inn via post vere tilgjengelege
her (unnateke tekstlege vedlegg). Produkt som førebels
ikkje kan bestillast via nettet, kan du bestille på
telefon 75 00 75 00.
Den elektroniske rekneskapsdatabasen inneheld alle innsende
årsrekneskapar for rekneskapsåra 2003 med samanlikningstal
for 2002. Dette vil vere eit nyttig tilbod særleg
til næringslivet.
Bestill etter ønske
Ein komplett årsrekneskap består av balanse,
resultat og tekstlege vedlegg. Du kan bestille alle rekneskapstal
for eit selskap, eller du kan velje delprodukt som balanse
og resultat. Dersom selskapet er del av eit konsern, kan du
bestille balanse og resultat for både selskap og konsern
som eitt produkt. Dessutan er tekstlege vedlegg tilgjengelege
frå selskap som har sendt inn årsrekneskapen elektronisk.
Leveringsmåtane
Når du bestiller rekneskapstal på
nettet, får du opplysningane som ein pdf-fil som
kan skrivast ut eller lagrast. Bestiller du på telefon,
får du opplysningane på faks. Normalt vil du motta
faksen i løpet av ein time.
Produkta du får tilsendt har ein påskrift som
fortel om tala er henta frå årsrekneskapar som
er registrerte manuelt ved Rekneskapsregisteret eller sende
inn elektronisk.
Lyttar til brukarane
Prosjektleiar Roy Horn kan fortelje at det er lagt ned eit
stort arbeid i kvalitetssikring, og at det er kome nyttige
signal frå profesjonelle brukarar av rekneskapsinformasjon
undervegs i prosessen.
Desse vil vi lytte til også under den vidare
jobben med marknadstilpassing av produkta, seier Roy Horn.
Les
pressemeldinga
|